Surrey Hills

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Surrey Hills
verneområde
Land  Storbritannia
Kart
Surrey Hills
51°12′N 0°30′W / 51.2°N 0.5°W / 51.2; -0.5

Surrey Hills er eit Area of Outstanding Natural Beauty, særleg vent naturområde, (AONB) i Surrey i England. Det ligg inntil eit anna AONB, Kent Downs, og begge desse ligg i området kjent som North Downs.

Det går tre langturvegar gjennom området: North Downs Way, Greensand Way og Pilgrims' Way.

Surrey Hills består for det meste av kalksteinsrygger, og området har mange sjeldne plante- og insektarter. I ein del av området, Blackheath Commons, føregår det boring etter olje og gass. Delar av Surrey Hills, blant anna Ranmore Common og Box Hill, er eigd av National Trust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]