Svanemerket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svanemerket i ein butikk.

Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket. Det blei skipa av Nordisk Ministerråd i 1989. Symbolet for merket er rundt med ei kvit svane med fire vengefjører mot ein grøn bakgrunn. Det blei laga av den finske kunstnaren Kyösti Varis og symboliserer samarbeidet mellom dei nordiske landa. Dei fire fjørene står for Sverige, Noreg, Finland og Island. Danmark kom med i ordninga i 1992.

Ei vare eller teneste som er svanemerka har gjennomgått ei objektiv miljøvurdering. For å kunna få svanemerket må heile livsløpet til produktet eller tenesta vera så miljøtilpassa som mogleg gjennom heile livsløpet, frå råvare til produksjon via bruk og til avfallshandtering. Svanemerket stiller strenge krav til energieffektivitet, materiale, kjemikaliar og til god haldbarheit.

I Noreg blei Stiftelsen Miljømerking oppretta av Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet for å forvalta merket.

I ISO-terminologi er Svanemerket «miljømerking, type 1, ISO 14024». Dette betyr at Svanemerket er frivillig, stiller breispektra miljøkrav (multikriterium), er basert på livssyklusvurderingar, skjerpar krava jamleg, utviklar krava ope, opererer med kjende kostnader, og driv med tredjeparts uavhengig sertifisering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Miljømerking administrerer Svanemerket i Noreg.
  • Om Svanemerket ved den offisielle nettstaden til Nordisk Råd og Nordisk Ministerråd.