Svein Jarvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svein Jarvoll
Fødd 5. mai 1946 (74 år)
Lurøy
Yrke lingvist, skribent, omsetjar, lyrikar

Svein Jarvoll (fødd 5. mai 1946 i Lurøy) er ein norsk forfattar oppvaksen i Oslo.

Jarvoll har skrive eigen poesi og har gjendikta antikke lyrikarar som Sapfo og Arkhilokhos frå gammalgresk.

Dei siste åra har han òg skrive meir og meir skjønnlitterære essay. Andre karakteriserer desse som ein rytmikk av uavbrotne setningar, avsnittsfridom og grubleri rundt sjeldne ord. Jarvoll har vore formann i Det litterære Råd i Den norske Forfatterforening, har undervist ved Forfattarstudiet i Bø, og vart tildelt Doblougprisen i 2001.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1984 – Thanatos : et polyfont dikt om døden
  • 1988 – En australiareise : roman
  • 1990 – Den ufullførte beretningen om Henry Glass og andre noveller
  • 1995 – Melbourne-forelesningene : 41 essays
  • 1997 – Cornucopia jubilans, eller Begeistrings overflødighetshorn : forfattet i anledning Petter Dass' 350-årsjubileum (han født år 1647)
  • 2001 – Et hvilket som helst glass vann
  • 2004 – Ustadighet ustadighet

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]