Sveio skulekorps
Sveio skulekorps høyrer til i Sveio kommune som ligg heilt sør i Hordaland fylke. Korpset vart stifta etter vedtak i Sveio skulestyre i 1962.
Talet på medlemmer har gjennom dei fleste åra stort sett vore mellom 20-24. På denne sida av tusenårsskiftet derimot, har medlemstalet i hovudkorpset stort sett vore omkring 30-35 musikantar og det totale medlemstalet i korpset med aspirantar og juniorar rundt 40-50.
Den siste vanskelege perioden hadde korpset i 1998. Manglande rekruttering gjennom fleire år samstundes som mange gjekk av for aldersgrense, førte til store vanskar for organisasjonen.
Etter fleire år der korpset anten ikkje evna å stilla i NM for skulekorps, eller måtte ta til takke med jumboplasseringar i lågaste divisjon, blei det laga ein strategiplan for å få korpset opp i øvste divisjon.
Året 2001 tok Sveio Skulekorps steget opp i 2. divisjon. Dette året hamna dei nest sist. Året etter fortsette oppturen og korpset hamna på 5. plass i same divisjon. I 2003 gjekk Sveio Skulekorps heilt til topps i divisjonen, med 96 av 100 oppnåelege poeng - den høgaste poengsummen som blei oppnådd i samtlege divisjonar det året.
Etter siger i 2. divisjon, såg korpset det som naturleg å ta steget vidare opp i første divisjon, der dei etterkvart har etablert seg, utan å nå heilt til topps.