Sveio kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sveio kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Sveio
Areal 246 km²
 - land 224 km²
 - vatn 22 km²
Folketal 5 593 (1. januar 2016)
Folketettleik 25 / km²
Målform Nynorsk
Ordførar Jorunn Skåden (Ap)
Kommunenummer 1216
NO 1216 Sveio.svg
Wikimedia Commons: Sveio

Sveio er den sørlegaste kommunen i Hordaland fylke. Han ligg på ei halvøy som peiker nordover og grensar til Haugesund og Tysvær i Rogaland fylke. Halvøya ligg mellom Bømlafjorden i vest og Ålfjorden i aust. Sveio kan både reknast for å høyra til Haugalandet og Sunnhordland.

Folk bur spreidd i fleire tettstader, dei største er Førde, Sveio, Valevåg, Auklandshamn og Buavåg. Sveio har fleire vatn med røsslyngheier rundt, og seks slike område er verna.

Området har vore busett sidan steinalderen. Det ligg godt til ut mot havet, midtvegs mellom Stavanger og Bergen, og var lenge viktig for reisande langs kystleia.

Trekantsambandet med undersjøisk tunnel gjev samband nordover til øya Stord. Europaveg 39, hovudvegen mellom Bergen og Stavanger, går gjennom kommunen. Buavåg har ferjesamband til Langevåg sør på Bømlo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sveio sett austover frå lufta. Sentrum av Sveio ligg kring midten av biletet. Nedst til høgre ligg Ryvarden fyrstasjon og Mølstrevågen. Fjorden i bakgrunnen er Ålfjorden.