Svendborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svendborg
by
Land  Danmark
Folketal 27 210 (2019)
Kart
Svendborg
55°03′35″N 10°36′36″E / 55.059722222222°N 10.61°E / 55.059722222222; 10.61
Wikimedia Commons: Svendborg

Svendborg er ein by søraust på øya Fyn i Danmark. Byen har 27 054 ibuarar (2021) og er administrasjonssenter i Svendborg kommune. Svendborg ligg vakkert til på skråningar ned mot ei hamn, og lystbåthamn, med ferjesamband til Ærø og andre øyar sør om Fyn.

Næringsmiddelindustrien i Svendborg sysselset mange menneske, sjukehuset er også ein stor arbeidsplass. Her er høgskular og fagskular der det vert utdanna folk til sjukepleie, sjøfart og dykking.

Svendborg vart kjøpstad i 1253 og har mange gamle bygningar. St. Nikolai Kirke er frå 1220 og bygd romansk stil. Svendborg er venskapsby med Bodø.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Svendborg