Svenska folkpartiet
Svenska folkpartiet, forkorta Sfp, på finsk Ruotsalainen kansanpuolue (RKP), er eit politisk parti i Finland. Det vart grunnlast av Axel Lille i mai 1906. Partileiar sidan 2006 er Stefan Wallin.
Partiet kallar seg «eit frisinna liberalt parti» som eksisterer «for alle som vil arbeida for eit Finland med to levande nasjonalspråk, svensk og finsk.»[1] Arkivert 2007-03-15 ved Wayback Machine. Det er medlem i den internasjonale paraplyorganisasjonen Den liberale internasjonale, saman med mellom anna Venstre frå Noreg.
Partiet er representert med 9 representantar i den finske nasjonalforsamlinga (av 200). Ved sist val, 17. april 2011, fekk partiet 4,3 % av røystene. I Europaparlamentet har Svenska folkpartiet eitt medlem, Henrik Lax, som inngår i Alliansen av liberale og demokratar for Europa.
Partiet har vore med i ymse koalisjonsregjeringar samanhengande sidan 1979, med ein eller to ministerpostar, i samarbeid med alle finske parti som har danna regjering sidan då. Partiet har ofte hatt posten som Nordisk samarbeidsminister.
Valresultat ved riksdagsval[endre | endre wikiteksten]
|
|
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Partiet sine heimesider på svensk og finsk.