Søl
Søl | |
Søl | |
Systematikk | |
Rekkje: | Rhodophyta |
Underrekkje: | Eurhodophytina |
Klasse: | Florideophyceae |
Underklasse: | Nemaliophycidae |
Orden: | Palmariales |
Familie: | Palmariaceae |
Slekt: | Palmaria |
Art: | Søl P. palmata |
Vitskapleg namn | |
Palmaria palmata |
Søl eller sòl er ein vanleg raudalge i Noreg.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Søl er ein raudalge med stor formvariasjon. Vanleg er breitt lansettforma blad, og nokre er tokløyvde i toppen. Algen vert 1-2 dm lang, nokre kan verte opptil 5 dm. Frå det første skotet i midten har det neste vår utvikla seg eit nytt blad og dessutan sideblad. Fleire individ kan vekse ut frå same festeskive.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Søl kan finnast på den europeiske atlanterhavskysten frå Portugal til Austersjøen og nordover til Færøyane og Island. Elles veks planta i arktisk Russland, i det arktiske og austlege Canada, i Alaska, Japan og Korea.
Førekomst i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Søl veks på stein, berggrunn og større algar frå nedre del av fjøresona ned til 15 m djupn. Arten finst langs heile norskekysten, særleg vanleg i vest og nord.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Planta kan etast og har vore brukt til mat for menneske.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Palmaria palmata» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard).
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Søl hos Artsdatabanken
- (en) Søl – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Søl i Encyclopedia of Life
- (en) Søl i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Søl hos Dyntaxa
- (en) Søl hos ITIS
- (en) Søl hos NCBI
- (en) Kategori:Palmaria palmata – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Palmaria palmata – detaljert informasjon på Wikispecies