Tåtøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tåtøy er ei lita øy som ligg ved kysten utanfor Kragerø i Telemark. Øya ligg i overgangen mellom Kragerøfjorden, som kjem inn frå aust, Kilsfjorden.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Tåtøy vart i år 1400 skrive Thotkøy. I 1577 vart namnet endra til Thottøen, men alt i 1585 vart det endra igjen til Tottønn. 80 år etter vart det gjort nok ei endring i dette namnet som no vart Taadøen.

Namnet Tåtøy har truleg opphav frå Tokevatn i Drangedal kommune. Elva derfrå skal ha hatt namnet Totka. Tåtøy ligg like utanfor munningen av denne elva og derfor namnet Thotkøy.

Kjende personar om Tåtøy[endre | endre wikiteksten]

Erik Werenskiold skal ofte ha halde seg på Tåtøy om somrane og han målte ofte motiv frå denne øya. Han var den første som «fann opp» trollet, og han skal ha fått ideen frå at det budde nokre «troll» ute på øyane i nærleiken av Tåtøy.