Kragerø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Kragerø
stad
none
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Kommune Kragerø
Areal 3,32 km²
Folketal 5 445 (2017)
Folketettleik 1 640 / km²
Postnummer 3770 KRAGERØ
Preposisjon i Kragerø
Wikimedia Commons: Kragerø (city)
Øya i Kragerø, sett frå byen
Kragerø kyrkje
Kragerø tollbu
Kragerø stasjon. Byen vart trafikkert av Kragerøbanen frå 1927 til 1988.
Kart frå 1900 som viser bygrensa før 1891

Kragerø er ein tettstad og administrasjonssenter i Kragerø kommune i Telemark fylke med 5 445 innbyggjarar per 1. januar 2017, og ligg om lag 6 mil sørvest for Skien og 8 mil nordaust for Arendal.

Kragerø er ein tidlegare kjøpstad, og er kjend for sine lange kunstnartradisjonar. Kjende kunstnarar som har budd i Kragerø er Edvard Munch (som kalla han «perla blant kystbyane»), Christian Krogh (som syntest at «denne byen burde målast» då han kom hit) og Erik Werenskiold.

Kragerø har stor turisttrafikk sommarstid. Tettstaden har ein variert og allsidig industri med snautt 900 sysselsette i 2002. Målt etter mengd sysselsette er dei største bransjane verkstad-, metallvare- og elektroindustri, grafisk industri (trykkeriet Naper) og farmasøytisk industri (Weiders Farmasøytiske). I tillegg er det litt foredling av tre og trevareindustri som gjer bruk av lokale råemne. Innan utdanning har Kragerø ein vidaregåande skule.

Avisa Kragerø Blad Vestmar er lokalavis i Kragerø.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Kragerø ligg ytst på Kragerøhalvøya (eller Kalstadhalvøya) mellom Kilsfjorden og Hellefjorden. Levanghalvøya i sør, Skåtøy og fleire andre store øyar gir lune hamner i desse fjordane. Herifrå vart det skipa trelast allereie på 1500-talet. I byrjinga av 1600-talet er Kragerø nemnd som ladestad under Skien, men i 1666 fekk staden kjøpstadprivilegium. Næringslivet på staden var prega av eksport av trelast, sjøfart og skipsbygging heilt til slutten av den første verdskrigen. Kragerø var ein av dei største sjøfartsbyane i Noreg siste helvta av 1800-talet. I tillegg til trelast kom seinare skiping av tremasse og produkt frå bergverk i opplandet.

Dei sentrale delane av tettstaden utgjer eit godt bevart bygningsmiljø som ligg på fastlandet i ei bratt helling ned mot fjorden, med krokete gater og gamle hus. Til busetnaden høyrer m.a. Bjørnsborg frå kring 1800 (freda 1924), Wiborggården frå 1700-talet (freda 1971) og Tollboden frå 1785 (freda 1996). Kittelsenhuset, der Theodor Severin Kittelsen er fødd, er gjort om til museum. På Berg ligg Berg-Kragerø og Skåtøy museum med den tidlegare Lystgården og folkepark. På Gunnarsholmen ligg Gundersholmen kystfort, reist på slutten av 1700-talet. Kragerø kyrkje er ei langkyrkje i teglstein som er bygd 1870. Kragerø har eigen kino, Kragerø Biograf.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling på Sogndalsfjøra
År Innbyggjarar
1769
  
941
1801
  
1 285
1865
  
4 089 + 391
1875
  
4 669 + 584
1890
  
5 753
1900
  
5 220
1910
  
4 970 + 157
1920
  
4 661 + 262
1930
  
4 314 + 313
1946
  
4 016 + 258
1950
  
4 329 + 290
1960
  
4 566
1970
  
5 249
1980
  
5 819
1990
  
5 430
2000
  
5 265
2009
  
5 334
2012
  
5 433
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar
  • Tala 1769-1801 viser til Kragerø by
  • Tala 1865-1875 viser til Kragerø bykommune+forstadsbusetnaden på Frydenborg i Skåtøy heradskommune som vart innlema i 1891
  • Tala 1890-1900 viser til Kragerø bykommune
  • Tala 1910-1950 viser til Kragerø bykommune+forstaden Kalstadkilen som låg i Skåtøy heradskommune fram til kommunesamanslåinga i 1860
  • Tala f.o.m. 1960 viser til Kragerø tettstad

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]