Tømrar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tømrar med rekonstruerte mellomalderklede og -verktøy.

Ein tømrar er ein person med utdanning og løyve til å tømre (å byggje hus i tre).

Mistydingar av ordet[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «tømrar» må ikkje samanblandast med ordet «tømmerhoggar». Mange nyttar ordet snikkar som ei samnemning som òg omfattar tømrarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ordet for tømrar har gjeve opphav til familienamn som engelsk Carpenter, fransk Charpentier og tysk Zimmerer og Zimmermann.