Tømmerhoggar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tømmerhoggarar med halvvegs felt tre i Oregon rundt 1910.

Ein tømmerhoggar er ein person som driv med tømmerhogst, felling av tre.

Tømmerhogst var tidlegare eit hardt yrke. Tømmerhoggarar heldt gjerne til i røft tillaga koier på aude stader. Dei brukte øks og handsag og levde i fare skader frå desse reiskapane eller fallande tre.

I dag er yrket har nye verktøy, betre transport og medisinsk utvikling gjort yrket mindre fareprega. Motorsag er det viktigaste verktøy. Men tømmerhoggarar har framleis eit tøft preg som mellom anna blir dyrka gjennom konkurransar.

Hans Børli framstilt som tømmerhoggar og tre. Karikatur av Oddmund Mikkelsen frå 1985.

Kjende tømmerhoggarar[endre | endre wikiteksten]

Tømmerhoggarar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Paul Bunyan er ein nordamerikansk folkehelt som er framstilt som ein tømmerhoggar med overnaturlege evner.

Den amerikanske filmen Seven Brides for Seven Brothers (1954) handla om sju tømmerhoggarbrør som bestemte seg for å stela seg koner frå byen i nærleiken.

«The Lumberjack Song» og tilhøyrande sketsjar av Monty Python leikar med biletet av tømmerhoggar som særs mandige ved å blanda det med cross-dressing og annan «umandig» oppførsel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]