Taaffeitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Taaffeitt
Magnesiotaaffeite-2N2S-53105.jpg
Magnesiotaaffeite-2N’2S (Mg3Al8BeO16)
Generelt
KategoriOksydmineral
Kjemisk formelBeMgAl4O8
Strunz-klassifisering04.FC.25
Identifikasjon
Fargefargelaus, gråaktig fiolett, fiolett raud, raud, grønaktig, lysegrøn, rosa fiolett, lilla
Krystallformprismatisk, alluviale korn
KrystallsystemHeksagonal, 6/mmm (6/m 2/m 2/m)
TvillingBy reflection on (0001)?
Kløyvuperfekt/middels/fråverande
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala8-8.5
Glansglasaktig
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til gjennomskineleg
Spesifikk vekt3.60–3.61
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa
Brytingsindeksnω = 1.722, nε = 1.777
Dobbeltbrytingδ = 0.055
PleokroismeSvak

Taaffeitt er eit særs sjeldan mineral. Det er kalla opp etter oppdagaren Richard Taaffe (1898–1967) som skildra mineralet i form av ein fasettert edelstein som truleg stammar frå Sri Lanka i november 1945. Slik sett er han den einaste edelsteinen som først er identifisert frå ein fasettert stein. Dei første stykka av edelsteinen, før Taaffe studerte han, var blitt mistolka som spinell.

Fargen er raudleg og hardleiken stor (8). Han er òg kjent som skarnmineral frå Kina, her med grøn farge, og dessutan frå Australia og Russland. Taaffeitt er eit beryllium-magnesium-aluminiumoksid, BeMgAl4O8.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]