Tahay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tahay
Lokalt namn: Taghaigh
Geografi
Tahay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°40′ N 7°5′ WKoordinatar: 57°40′ N 7°5′ W
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 0,53 km²

Høgaste punkt 65 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 0

Tahay (skotsk-gælisk Taghaigh) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Namnet kjem frå norrønt, tagg-øy. Øya har eit areal på 53 hektar og det høgaste punktet ligg 65 meter over havet. Ho er den største øya i ei gruppe nordaust for North Uist.

Øya vert nytta til beite for sau og for torvhausting.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1846 levde seks familiar på øya. Dei vart driven bort frå Pabbay under Highland clearances for å gje rom til sauehald der. Sjølv om det ikkje var dyrkbar mark på øya, håpte dei å livnære seg av fiske. Dette viste seg å verte for hardt for dei, og i 1850-åra gav dei opp og flytte til Australia.[1]

Tahay er i dag eigd av dei skotske styresmaktene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Overview of Tahay». Gazetteer for Scotland. Henta 3. mars 2010.