Tahmasp II av Persia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tahmasp II av Persia
Persia, scià thamasp II, decuplo afshari d'oro, 1722-1732.JPG
Sjahansjah av Persia
Regjeringstid1729–1732
TitlarSahib-i-Qiran, Sultan bar Salatin[1]
Fødd1704
FødestadIsfahan
Død1740
DødsstadSabzevar
FøregangarAshraf Khan
EtterfølgjarAbbas III
KongehusSafavi
Dynastisafavidane
FarSultan Husayn
BornAbbas III

Tahmasp II (ca. 17041740) var ein av dei siste safavide-herskarane av Persia (Iran). Tahmasp var son av Husayn av safavidane, sjahen i Iran på den tida. Då Husayn vart tvungen til å abdisere av afghanarane i 1722, ønskte prins Tahmasp å ta over trona. Han flykta til Tabriz der han oppretta eit styre. Han fekk støtte av sunni-muslimar i Kaukasus, i tillegg til fleire Qizilbash-folk (inkluder afsharane, under kontroll av den framtidige iranske herskaren, Nader Shah). Tahmasp vart etter kvart anerkjent av både Det osmanske riket og Russland, som begge var redde for at kvar andre skulle få for mykje innverknad i Iran. Sjølv mughal-vesiren Asaf Jah I er kjend for å ha støtta Tahmasp II i keisarhoffet til keisaren Muhammed Shah.

I 1729 hadde Tahmasp mista kontroll over det meste av landet. Han vart avsett av den framtidige Nader Shah i 1732 til fordel for sonen sin, Abbas III; begge vart drepne ved Sabzevar i 1740 av Nader Shah, den eldste sonen til Reza-qoli Mirza.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]