Taiwanske urfolk
Hopp til navigering
Hopp til søk
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Taiwanske urfolk

Ein rukaihøvding besøker antropologiinstituttet på Tokyo keisarlege universitet under tida då Taiwan var japansk styrt.
Urfolket på Taiwan er eit austronesisk folkeslag som er etterkommarar av folket som budde på øya Taiwan før han-folket kom dit som innvandrarar på 1600-talet.
Dei fleste stammane som vert rekna som urfolk av Republikken Kina bur i høglandet på Taiwan og snakkar ulike formosiske språk, som vert rekna som ei grein av dei austronesiske språka. I 2004 var det til saman om lag 400 000 innbyggjarar som høyrde til desse stammane. Dette utgjer rundt 2 % av innbyggjarane på Taiwan.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
