Taksonomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Taksonomi er praksisen og studien av klassifisering. Ordet blir òg brukt som substantiv: ein taksonomi, eller ei taksonomisk ordning om ei spesiell klassifisering. Ordet har røter i det greske τάξις, som tyder 'orden', 'arrangement', og νόμος, som tyder 'løyve' eller 'vitskap'. Opphavleg blei taksonomi berre brukt om klassifisering av organismar.[1] I ein vidare, meir generell forstand kan taksonomi referere til ein klassifikasjon av ting eller omgrep, så vel som til dei prinsippa som ligg til grunn i ein slik klassifisering. Mange taksonomiar har ein hierarkisk struktur, men dette er ikkje eit krav. Taksonomi brukar taksonomiske einingar, kjent som taksa, eintal takson.

Bruksområder[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia kategoriar illustrerar taksonomi og ein full taksonomi av Wikipedia kategoriane kan automatisk bli uthenta.[2] Nyleg har det blitt vist at ein manuelt-konstruert taksonomi, lik bereknings leksikonet WordNet, kan nyttast til å forbetre og restrukturere Wikipedia taksonomien.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antropologar har observert at taksonomiar som regel er vovne inn i lokale kulturelle og sosiale system, og blir nytta til forskjellege sosiale funksjonar. Kanskje den mest kjende og innverknadsrike studien om folkeleg taksonomi er Émile Durkheim sin The Elementary Forms of Religious Life. Ein nyare studie av folkeleg taksonomi (inkludert resultatet frå fleire tiår av empirisk forskning) og diskusjonen av dets forhold til vitskapleg taksonomi kan finnast i Scott Atran sin Cognitive Foundations of Natural History. Folkelege taksonomiar av organismar har vist seg å i store delar stemme overeins med den vitskaplege klassifikasjonen, i alle fall for dei større og meir openbare artane, som betyr at det ikkje stemmer at folkelege taksonomiar berre er basert på utilitaristiske karakteristikkar.[4]

I det syttande århundret tok den tyske matematikaren og filosofen Gottfried Leibniz utgongspunktet i arbeidet til filosofen Ramon Llull frå Mallorca, og hans system for å prosedyrisk generere konsept ved å kombinere eit fast sett med idéar, når han ønskte å utvikle eit alfabet av menneskelege tankar.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Taksonomi» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. Zirn, Cäcilia, Vivi Nastase and Michael Strube (2008) «Deriving a large scale taxonomy from Wikipedia» – Proc. of the 22nd Conference on the Advancement of Artificial Intelligence, Vancouver, B.C., Canada, s. 1440-1445.
  3. Ponzetto, S., Navigli, R. (2009) «Large-Scale Taxonomy Mapping for Restructuring and Integrating Wikipedia» – Proc. of the 21st International Joint Conference on Artificial Intelligence (IJCAI 2009), Pasadena, California, s. 2083-2088.
  4. Boulding, Kenneth; Khalil, Elias (2002) «Evolution, Order and Complexity» – Taylor & Francis, s. 9.