Taktekkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tysk taktekkar utfører blikkenslagararbeid rundt skorstein 1979.
Foto: Deutsche Fotothek

Ein taktekkar er ein handverkar som har spesialisert seg i tak- og membrantekkarfaget. Sentrale kunnskapar omfattar diffusjonstetting, isolering og tekking av flatt tak, skråtak og bogetak. Taktekkarar arbeider også på terrassar, jorddekte konstruksjonar, våtromsmembranar og i tunnelar. For alle oppgåver er gode materialkunnskapar og riktig vurdering av underlaget viktig.[1]

Opplæringa av faget skjer på vidaregåande skule i fire år. Første trinn omfattar bygg- og anleggsteknikk, andre trinn klima-, energi- og miljøteknikk, og siste to trinn faget sjølv med fagbrev til slutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tak- og membrantekker (fagbrev)». vilbli.no. Henta 1. august 2021.