Talord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Talord er tal uttrykte med ord i staden for siffer.

Å skrive tal med ord vert mest nytta med ordenstal/rekkjetal, til dømes: den fyrste desember - 01.12, heiltal og dei naturlege tala 0-9.

Skrivereglar[endre | endre wikiteksten]

Små tal vert vanlegvis skrivne med bokstavar, spesielt dersom det ikkje er naturleg å spesifisera brøkdelar. Det er inga klår grense for å skilja mellom små og store tal, men tal til og med tolv reknast vanlegvis som små.

  • Eg har vore i Kina fire gongar.
  • Fjerde gongen drog eg til Beijing.

Dersom ein oppgjev brøkdelar eller det kan vera mogleg å oppgje brøkdelar, kan ein nytta siffer for små tal òg.

  • Toget går om 3 minutt.
  • Høgda er 3,5 meter.

Omtrentlege tal vert helst skrivne med bokstavar.

  • Han er om lag seksti år.

Ved bruk av forkortingar for måleeiningar vert talordet skrive med siffer. Når måleeininga ikkje er forkorta kan ein velja mellom bokstavar eller siffer.

  • Loddet veg 3 kg.
  • Han hoppa lett 5 meter.
  • Elva var tre meter brei.

Talord under 100 vert skrivne som eitt ord, medan talord over 100 vert delte.

  • Han er tjuefire år.
  • Tre tusen fire hundre og femtito.

Firesifra tal vert i tekst skrivne utan mellomrom, medan større tal skal ordnast i grupper på tre siffer, rekna frå høgre.

  • Rett svar er 5356.
  • Huset kosta 4 556 000 kroner.

Desimalar vert skilte ut med hjelp av komma

  • Pi er om lag lik 3,14.

Tala[endre | endre wikiteksten]

0 - Null

1 - Ein

2 - To - Eitt par

3 - Tre

4 - Fire

5 - Fem

6 - Seks

7 - Sju

8 - Åtte

9 - Ni

10 - Ti

11 - Elleve

12 - Tolv - Eitt dusin

13 - Tretten

14 - Fjorten

15 - Femten

16 - Seksten

17 - Sytten

18 - Atten

19 - Nitten

20 - Tjue/Eitt sneis

21 - Tjueein/Einogtjue

22 - Tjueto/Toogtjue

23 - Tjuetre/Treogtjue

24 - Tjuefire/Fireogtjue/To dusin

25 - Tjuefem/Femogtjue

26 - Tjueseks/Seksogtjue

27 - Tjuesju/Sjuogtjue

28 - Tjueåtte/Åtteogtjue

29 - Tjueni/Niogtjue

30 - Tretti

31 - Trettiein/Einogtretti

32 - Trettito/Toogtretti

33 - Trettitre/Treogtretti

34 - Trettifire/Fireogtretti

35 - Trettifem/Femogtretti

36 - Trettiseks/Seksogtretti

37 - Trettisju/Sjuogtretti

38 - Trettåtte/Åtteogtretti

39 - Trettini/Niogtretti

40 - Førti/To sneis

41 - Førtiein/Einogførti

42 - Førtito/Toogførti

43 - Førtitre/Treogførti

44 - Førtifire/Fireogførti

45 - Førtifem/Femogførti

46 - Førtiseks/Seksogførti

47 - Førtisju/Sjuogførti

48 - Førtiåtte/Åtteogførti

49 - Førtini/Niogførti

50 - Femti

51 - Femtiein/Einogfemti

52 - Femtito/Toogfemti

53 - Femtitre/Treogfemti

54 - Femtifire/Fireogfemti

55 - Femifem/Femogfemti

56 - Femtiseks/Seksogfemti

57 - Femtisju/Sjuogfemti

58 - Femtiåtte/Åtteogfemti

59 - Femtini/Niogfemti

60 - Seksti/Skokk

61 - Sekstiein/Einogseksti

62 - Sekstito/Toogseksti

63 - Sekstitre/Treogseksti

64 - Sekstifire/Fireogseksti

65 - Sekstifem/Femogseksti

66 - Sekstiseks/Seksogseksti

67 - Sekstisju/Sjuogseksti

68 - Sekstiåtte/Åtteogseksti

69 - Sekstini/Niogseksti

70 - Sytti

71 - Syttiein/Einogsytti

72 - Syttito/Toogsytti

73 - Syttitre/Treogsytti

74 - Syttifire/Fireogsytti

75 - Syttifire/Femogsytti

76 - Syttiseks/Seksogsytti

77 - Syttisju/Sjuogsytti

78 - Syttiåtte/Åtteogsytti

79 - Syttini/Niogsytti

80 - Åtti

81 - Åttiein/Einogåtte

82 - Åttito/Toogåtte

83 - Åttitre/Treogåtte

84 - Åttifire/Fireogåtte

85 - Åttifem/Femogåtte

86 - Åttiseks/Seksogåtte

87 - Åttisju/Sjuogåtte

88 - Åttiåtte/Åtteogåtte

89 - Åttini/Niogåtte

90 - Nitti

91 - Nittiein/Einognitti

92 - Nittito/Toognitti

93 - Nittitre/Treognitti

94 - Nittifire/Fireognitti

95 - Nittifem/Femognitti

96 - Nittiseks/Seksognitti

97 - Nittisju/Sjuognitti

98 - Nittiåtte/Åtteognitti

99 - Nittini/Niognitti

100 - Hundre/Eitt hundre

101 - Hundreogein

102 - Hundreogto

103 - Hundreogtre

104 - Hundreogfire

105 - Hundreogfem

106 - Hundreogseks

107 - Hundreogsju

108 - Hundreogåtte

109 - Hundreogni

110 - Hundreogti

111 - Hundreogelleve

112 - Hundreogtolv

1000 - Eitt tusen/Tusen

1001 - Eitt tusen og ein/Tusen og ein

1100 - Eitt tusen eitt hundre

1101 - Eitt tusen eitt hundre og ein

10 000 - Ti tusen

20 000 - Tjue tusen

30 000 - Tretti tusen

40 000 - Førti tusen

50 000 - Femti tusen

100 000 - Eitt hundre tusen - Hundre tusen

101 000 - Eitt hundre og eitt tusen

101 100 - Eitt hundre og eitt tusen eitt hundre

101 101 - Eitt hundre og eitt tusen eitt hundre og ein

1 000 000 - Ein million

1 000 000 000 - Ein milliard

1 000 000 000 000 - Ein billion

1 000 000 000 000 000 - Ein billiard

1 000 000 000 000 000 000 - Ein trillion

1 000 000 000 000 000 000 000 - Ein trilliard

Ordenstal - Rekkjetal[endre | endre wikiteksten]

1 - Fyrste | Første

2 - Andre

3 - Tredje

4 - Fjerde

5 - Femte

6 - Sjette

7 - Sjuande

8 - Åttande

9 - Niande

10 - Tiande

11 - Ellevte

12 - Tolvte

13 - Trettande

14 - Fjortande

15 - Femtande

16 - Sekstande

17 - Syttande

18 - Attande

19 - Nittande

20 - Tjuande

21 - Tjuefyrste - Einogtjuande

22 - Tjueandre - Toogtjuande

23 - Tjuetredje - Treogtjuande

24 - Tjufjerde - Fireogtjuande

25 - Tjuefemte - Femogtjuande

26 - Tjuesjette - Seksogtjuande

27 - Tjuesjuande - Sjuogtjuande

28 - Tjueåttande - Åtteogtjuande

29 - Tjueniande - Niogtjuande

30 - Trettiande - Tredevte

31 - Trettifyrste - Ein og trettiande

32 - Trettiandre - To og trettiande

33 - Trettitredje - Tre og trettiande

34 - Trettifjerde - Fire og trettiande

35 - Trettifemte Fem og trettiande

36 - Trettisjette - Seks og trettiande

37 - Trettisjuande - Sju og trettiande

38 - Trettiåttande - Åtte og trettiande

39 - Trettiniande - Ni og trettiande

40 - Førtiande

41 - Førtifyrste - Ein og førtiande

42 - Førtiandre - To og førtiande

43 - Førtitredje - Tre og førtiande

44 - Førtifjerde - Fire og førtiande

45 - Førtifemte - Fem og førtiande

46 - Førtisjette - Seks og førtiande

47 - Førtisjuande - Sju og førtiande

48 - Førtiåttande - Åtte og førtiande

49 - Førtiniande - Ni og førtiande

50 - Femtiande

60 - Sekstiande

70 - Syttiande

80 - Åttiande

90 - Nittiande

Datoar og årstal[endre | endre wikiteksten]

Årstal kan skrivast på fleire måtar; til dømes:

  • 1988 - Nitten hundre og åttiåtte
  • 1988 - Nittenåttiåtte

Datoar kan òg skrivast på fleire måtar; til dømes:

  • Den 1. april - Den fyrste april
  • 01.04 - Den fyrste i fjerde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]