Tanga-regionen
Tanga-regionen | |||
region | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Tanga-regionen | |||
Wikimedia Commons: Tanga Region | |||
Tanga er ein administrativ region i Tanzania. Regionen ligg aust i landet, og har kyst mot Indiahavet i aust og grense til Kenya i nord og regionane Kilimanjaro i nordvest, Manyara i vest og Pwani og Morogoro i sør. Regionhovudstaden er byen med same namn. Regionen har eit areal på 27 348 km², der 572 km² er vatn. Ved den offisielle folketeljinga i 2012 hadde regionen ein folkesetnad på 2 045 205.
Para, wataita, shambala, wambugu, segeju, wadigo, wanago og wazigua er blant folkegruppene som har migrert til Tanga.
Distrikt[endre | endre wikiteksten]
Regionen Tanga er administrativt delt inn i åtte distrikt. Innbyggjartala som er oppgjevne nedanfor stammar frå folketeljinga i 2012.
Namn | Innbyggjartal |
---|---|
Handeni | 355 702 |
Kilindi | 236 833 |
Korogwe | 310 346 |
Lushoto | 492 441 |
Muheza | 204 461 |
Mkinga | 118 065 |
Pangani | 54 025 |
Tanga | 273 332 |
Totalt | 2 045 205 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tanga (region)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2021.