Hopp til innhald

Taninganway Min

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taninganway
Konge av Burma
Regjeringstid12. september 1714–12. desember 1733
Fullt namnThiri Parawa Maha Dhamma Yaza Dipadi
Føddca. juni/juli 1689
FødestadAva (Inwa)
Død12. desember 1733 (44 år gammal)
6. aukande månedag i natdaw 1095 etter den burmesiske kalenderen[note 1]
DødsstadAva
FøregangarSanay Min
EtterfølgjarMahadhammaraza Dipadi
Gift medThiri Maha Mingala Dewi[1]
Thiri Dewi
Sanda Dewi
DynastiTaungoo-dynastiet
FarSanay
MorMaha Dewi[2]
BornMahadhammaraza Dipadi

Taninganway Min (16891733) var ein konge frå Toungoo-dynastiet i Burma (Myanmar) frå 1714 til 1733. Under hans regjeringstid blei den langvarige nedgangen til Toungoo-dynastiet synleg i form av indre og ytre uro i riket. Allereie då han kom på trona gjorde onkelen hans, som var guvernør i Pagan, opprør.[1] I nordvest utførte manipurifolk til hest raid på burmesisk territorium tidleg i 1724. Ein gjengjeldingsekspedisjon til Manipur i november 1724 feila. I aust gjorde sørlege Lan Na (Chiang Mai), som hadde vore under burmesisk styre sidan 1558, opprør i 1727.[3] Taninganway prøvde å ta tilbake regionen to gonger, men makta det ikkje.[4] I 1732 var Lan Na sjølvstendig, men ein mektig burmesisk garnison i Chiang Saen nord i regionen avgrensa opprørsområdet til Ping-dalen rundt Chiang Mai.[5]

I 1724 gjorde U Kala ferdig Maha Yazawin ('Den store krøniken'), den første omfattatande nasjonale krøniken for burmesisk historie, basert på eldre kjelder.[3]

  1. (Hmannan Vol. 3 2003: 365–366): The king died on Saturday, 9th waxing of Natdaw 1095 ME. But (9th waxing of Natdaw 1095 / 15 December 1733) was a Tuesday. The date 9th waxing is likely a typographical / copying error since in Burmese numbers 6 (၆) and 9 (၉) are close. It should have been (6th waxing of Natdaw 1095).
  1. 1,0 1,1 Hmannan Vol. 3 2003: 357
  2. Hmannan Vol. 3 2003: 353
  3. 3,0 3,1 Harvey 1925: 207–208
  4. Hmannan Vol. 3 2003: 363
  5. Lieberman 2003: 285–286

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]