Burmesisk historie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Historia til landet som i dag heiter Myanmar dekker òg område som no ligg i naboland, som Bangladesh, India, Kina, Laos og Thailand.

Eldre historie[endre | endre wikiteksten]

Monfolket[endre | endre wikiteksten]

Shwedagon-pagoden i Rangoon blei truleg påbyrja av monfolket ein gong mellom 500- og 900-talet.

Det har budd menneske i det som no blir rekna som Myanmar så tidleg som for 11 000 år sidan, men den første sivilisasjonen ein veit om er monfolket. Dei migrerte truleg til området rundt år 3000 f. Kr, og det første kongedømet deira, Suwarnabhumi, voks fram kring Thaton rundt 300 f. Kr. Munnlege historieoverføringar tyder på at dei støtte på buddhismen gjennom oversjøisk kontakt omtrent 100 år før, og seinast rundt 300 f. Kr, då dei møtte ei utsending av misjonerande munkar frå Asjoka. Mykje av dei skriftlege nedteikningane deira er vorte øydelagde av krigar. Mon-kulturen blei etter kvart sterkt påverka av indisk kultur. I løpet av 800-talet kom denne blandinga til å dominere heile det sørlege Myanmar.

Pyufolket[endre | endre wikiteksten]

Pyuane kom til Myanmar i løpet av det første hundreåret før Kristus, og grunnla «by-kongerike» i Binnaka, Mongamo, Sri Ksetra, Peikthanomyo og Halingyi. I denne perioden låg Myanmar på handelsruta mellom Kina og India. Kinesiske kjelder stadfester at pyuane styrte 18 kongedømme, og omtaler dei som eit humant og fredeleg folk. Krig var praktisk tala ukjend for pyuane, usemje vart ofte løyst ved duellar eller byggjetevlingar. Dei gjekk til og med med mjuk bomull i staden for silke for å sleppe å drepe silkeormane. Kriminalitet vart straffa med piskeslag og fengsel fanst ikkje, men alvorlege brotsverk kunne gje daudsstraff. Pyuane praktiserte theravadabuddhisme, og alle barn virka som noviser frå dei var sju til dei var 20 år gamle.

Bystatane slo seg aldri saman til eitt kongerike, men dei mektigaste byane dominerte og kravde bistand eller gåver frå dei mindre. Den klart mektigaste byen var Sri Ksetra, arkeologiske funn tydar på at dette er den største byen Burma har sett nokon gong. Det er usikkert når han vart grunnlagt, men krøniker seier noko om eit maktskifte rundt år 94 e. Kr, så det var før det. Byen vart etter det ein fortel forlate rundt år 656 til fordel for ein ukjend by lenger nord. Denne byen mista makta på midten av 800-talet, då kongedømmet Nanzhao overtok regionen og gjorde slutt på maktdagane for pyuane.

Kongedømmet Pagan[endre | endre wikiteksten]

I nord var nok ei folkegruppe, burmanarane, på ferd inn i området. Før 849 hadde dei danna eit mektig kongedømme med sentrum i byen Pagan, og fylte tomrommet etter dei falne pyuane. Det her kongedømmet voks i relativ isolasjon fram til kong Anawrahta sin regjeringsperiode (1044-1077). Han lukkast i å samle heile Myanmar ved å overvinne monhovudstaden Thaton i 1057. Samlinga fortsette under etterfølgjarane hans, Kyanzittha (1084-1112) og Alaungsithu (1112-1167), og på midten av 1100-talet var mesteparten av Søraust-Asia anten under kongedømmet Pagan eller under Khmerriket. Pagan gjekk gradvis under etter kvart som meir land og ressursar kom i hendene på det mektige sanghaen (munkeskapen), og mongolarane trua i nord. Den siste herskaren i Pagan, Narathihapate (1254-87), stolte på evna si til å stå imot mongolarane, og rykte inn i Yunnan i 1277 for å erklære krig mot dei. Han vart ettertrykkeleg knust og motstanden i Pagan braut saman. Kongen vart avretta av sin eigen son i 1287, og dette førte til mongolsk siger i slaget om Pagan; mongolarane lukkast i å erobre mesteparten av kongeriket, inkludert hovudstaden, og gjorde ende på dynastiet i 1289 då dei innsette ein mongolsklojal herskar i Myanmar.

Ava og Pegu[endre | endre wikiteksten]

Etter at Paganriket braut saman vart Myanmar igjen delt. Burmanarane hadde reetablert seg i byen Inwa rundt 1364, der pagansk kultur vart gjenoppliva. Ei glanstid for burmesisk litteratur fylgde. Men kongedømmet hadde grenser som var vanskelege å forsvare, og riket vart overvunne av shan-folket i 1527.

I sør etablerte monfolket seg igjen i byen Pegu, og under kongen deira, Dhammazedi (regjerte 1427-1492) gjekk også dette riket inn i ein gullalder og vart eit viktig sentrum for handel og theravadabuddhisme.

Toungoodynastiet[endre | endre wikiteksten]

Overlevande etter øydelegginga av Ava danna etter kvart eit nytt kongerike med sentrum i Toungoo som i 1531 var leia av Tabinshwehti (regjerte 1531-50). Nok ein gong var mesteparten av Myanmar samla. No hadde den geopolitiske situasjonen i Søraust-Asia endra seg drastisk. Shanfolket hadde aukande makt i eit nytt kongerike i nord, kalla Ayutthaya (seinare Siam), medan portugisarane hadde kome i sør og erobra Malacca. Europearane handla, og nok ein gong var Myanmar eit viktig handelssentrum. Tabinshwehti flytta hovudstaden til Pegu for å få utbytte av handelsfordelane.

Svigerbroren hans Bayinnaung (regjerte 1551-81) overtok trona etter han og fortsette rekka av erobringar med fleire statar, mellom anna Manipur (1560) og heile Ayutthaya (1569). Men desse krigane tyna Myanmar for ressursar og begge dei ovannemnde statane braut fri etter relativt kort tid. Konfrontert med opprør i mange byar og militære framstøyt frå portugisisk hald, trekte herskarane av Toungoo seg vekk frå det sørlege Myanmar og grunnla eit nytt dynasti ved Ava. Barnebarnet til Bayinnaung, Anaukpetlun, samla nok ein gong Myanmar i 1613, og følgjeleg overvann han portugisarane som prøvde å ta over Myanmar. Etterfølgjaren hans, Thalun, gjeninnførte dei gamle prinsippa frå Pagan, men konsentrerte seg for mykje om religiøse investeringar og brydde seg for lite som kva som gjekk føre seg i sør. Oppmuntra av franskmenna i India gjorde Pegu til sist opprør mot Ava, og det førte til at staten vart svekka og til sist fall i 1752.

Konbaungdynastiet[endre | endre wikiteksten]

Den ufullførte stupaen ved Mingun blei påbyrja, men aldri fullført, under kong Bodawpaya.

Det gjekk ikkje lang tid før eit nytt dynasti, konbaungdynastiet, reiste seg og leia Myanmar til sitt mektigaste så langt. Ein populær burmesisk leiar, Alaungpaya, dreiv styrkane frå Pegu ut av nordområda i løpet av 1753, og i 1759 hadde han nok ein gong erobra Pegu og det sørlege Myanmar, i tillegg til Manipur. Han la hovudstaden til Rangoon. I 1760 fekk han mellombels kontroll over Tenasserim og marsjerte mot Ayutthaya, men denne invasjonen var mislukka, og han døydde i forsøket. Sonen has, Hsinbyushin (regjerte 1763-76) kom tilbake til Ayutthaya (seinare Thailand) i 1766 og overvann det i løpet av eitt år. Til og med Kina merkte seg no ved Myanmar men Hsinbyushin lukkast i å halde unna fire kinesiske invasjonasforsøk mellom 1766 og 1769. Ein annan son av Alaungpaya, Bodawpaya (regjerte 1781-1819), tapte Ayutthaya, men innlemma Arkan (1784) og Tenasserim (1793) i kongedømmet. I januar 1824, under kong Bagyidaw (regjerte 1819-37) klarte ein general med namnet Maha Bandula å erobre Assam, og sette med dette Myanmar i kontakt med britiske interesser i India.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

Krig med Storbritannia - Myanmar fell[endre | endre wikiteksten]

Som respons på den stadige utvidinga og til og med direkte angrep frå burmesisk side, gjekk britiske og siamesiske styrkar saman i 1824. Den første anglo-burmesiske krigen (1824-26) enda med britisk siger, og i fredsavtala i Yandaboo mista Myanmar Assam, Manipur, Arakan, og Tenasserim.

Utover hundreåret byrja britane å sikle på naturressursane i Myanmar, og ønskte også å sikre forsyningsruta til Singapore. Den hemnlystne burmesiske kongen braut med fredsavtala og tillét vald mot britiske skip og mannskap, noko som førte til den andre anglo-burmesiske krigen i 1852 som enda med at britane overtok Pegu og døypte det om til Lower Burma. Dette førte til revolusjon i Myanmar, der kong Pagin Min vart erstatta av halvbroren sin Mindon Min (regjerte 1853-78). Kong Mindon prøvde å modernisere stat og økonomi for å kunne stå imot den gradvise britiske overtakinga, og han flytta hovudstaden til Mandalay, som han sette mykje inn på å styrke. Men dette var ikkje tilstrekkeleg til å stogge britane, som påstod at sonen til Mindon, Thibaw Min (regjerte 1878–85) var ein tyrann som hadde til hensikt å alliere seg med franskmennene, at han hadde mista kontrollen i landet - dette skapte uvisse ved frontlinjene - og at han gjekk tilbake på ein fredsavtale som faren hans hadde signert. Deretter erklærte dei krig nok ein gong i 1885 og erobra dei resterande områda av landet i den tredje anglo-burmesiske krigen.

Britisk styre[endre | endre wikiteksten]

Frå 1886 styrte Storbritannia Myanmar som ein indisk provins med hovudsete i Rangoon. Det tradisjonelle burmesiske samfunnet vart drastisk endra då kongedømmet tok slutt og kyrkja vart skild frå staten. Sjølv om den tredje anglo-burmesiske krigen offisielt var slutt i løpet av eit par veker, fortsette motstanden i nordområda fram til 1890 då britane til slutt gjekk inn for ei systematisk øydelegging av landsbyar og peikte ut nye lokalleiarar for å få ein endeleg slutt på all geriljaverksemd.

Økonomistrukturen endra seg også drastisk. Etter opninga av Suezkanalen auka etterspurnaden etter burmesisk ris raskt, og store delar av landet vart lagt ope for kultivering. Men for å få råd til å gjennomføre kultiveringsprosessen, vart mange gardbrukarar tvinga til å låne pengar frå indiske utlånarar til høg rente, og dei vart ofte drivne frå gard og grunn av di dei ikkje makta å betale tilbake lånet. Importerte indiske arbeidarar fekk etter kvart dei fleste jobbane, og heile byar vart lovlause hol fulle av arbeidslause burmesarar. Sjølv om økonomien voks, var det britiske handelsselskap som sat med makta, og det burmesiske folket fekk ikkje hauste av fruktene. George Orwell sin roman Burmese Days er ei oppdikta, men realistisk skildring av britane si framferd i Burma.

Ein ny generasjon burmesiske leiarar voks fram tidleg på 1900-talet i dei laga av folket som fekk høve til å reise til London og studere. Dei kom ofte heim med ei oppfatning av at det var mogleg å endre situasjonen i Myanmar til det betre gjennom fredelege protestar og forhandlingar. Ei rekkje fredelege streikar i 1920-åra førte til ein grunnlovsreform i 1923, og ei eiga lovgjevande forsamling med avgrensa fridom vart danna.

Men mange meinte at endringane ikkje skjedde raskt nok og at dei var for lite omfattande. Nokre av desse misnøgde studentane danna ei gruppe kalla Thakin (eit ironisk namn av di «thakin» tydar «meister» på burmesisk, som var det studentane var pålagde å kalle dei britiske professorane som dei etter kvart kom til å forakte). I 1930 starta eit opprør bland bønder og fattige, leia av Saya San. Opprøret varte i to år, og Thakin nytta høvet til å vinne tillita til dei fattige, sjølv om dei ikkje deltok aktivt i opprøret sjølv. Dei tvinga den eldre, «londoninspirerte» generasjonen vekk frå topposisjonane i den burmesiske nasjonalistrørsla.

Ein storstreik i 1936 som indirekte førte til at Myanmar året etter vart lausrive frå India, er første gongen vi ser dei viktige nasjonalistane Aung San og Thakin Nu i organisasjonen Thakin. I 1937 fekk Myanmar innvilga ei ny grunnlov, som sikra at heile styret var folkevald, men mange burmesarar meinte at denne nye ordninga berre tente til å hindre burmesarane i å ta del i gode som India fekk nyte godt av. Ba Maw vart den første burmesiske presidenten, men han vart tvunge ut av posisjon av U Saw i 1939, som var president 1940-42.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Dei burmesiske nasjonalistane såg utbrotet av andre verdskrigen som ei moglegheit til å tyne britane for økonomiske kompensasjonar som takk for militær støtte. Men britane godtok ikkje dette, og gav ordre om å arrestere Aung San, som på denne tida var leiar for Thakin. Aung San flykta til Kina, der han oppsøkte eller vart oppsøkt av (her er historikarar usamde) japanarane og gjekk i allianse med dei. Til disposisjon stilte han den militante organisasjonen «Thirty Comrades», som han saman med eit knippe andre nasjonalistar (mellom andre seinare president og general Ne Win) stod i spissen for. Til gjengjeld skulla Japan ta Burma av britiske hender og gjere dei sjølvstendige.

Då japanarane okkuperte Bangkok i 1941, annonserte Aung San danninga av Burma Independence Army (BIA), og avventa frigjeringa. Japanarane rykte inn i Burma som planlagt, løyste opp BIA og erstatta det med Burma Defense Army, framleis med Aung San på toppen. Ba Maw var statsleiar, og både Aung San og Thakin Nu var med i regjeringa.

Det vart snart klart at dei japanske lovnadene om sjølvstende berre var ein bløff for å få militær støtte, og at Ba Maw spelte etter japansk pipe. Aung San vart etter kvart klar over at han ikkje kunne rekne med japanarane, og etter at dei i 1943 for andre gongen hadde late vere å følgje opp ei erklæring om sjølvstende, vendte han seg mot britane og Lord Mountbatten. I mars 1945 slo han seg offisielt saman med britane. Då hadde han brukt dei to siste åra til å mobilisere ein brei koalisjon av politiske parti, som til saman danna Anti-Fascist Organization, seinare Anti-Fascist People's Freedom League (AFPFL), som skulla styre landet. Japanarane vart drivne ut frå Burma i mai 1945.

Etter sigeren over Japan villa den militære administrasjonen stille Aung San for retten for forræderi, av di han hadde vore alliert med japanarane. I tillegg verserte det historier om ei bestialsk avretting av ein landsbyleira som Aung San skal ha tatt del i under krigen. Men Aung San hadde BNA i ryggen, dessutan var han ein populær frigjeringshelt. Lord Mountbatten var redd for folkeopprør dersom han skulla dømme Aung San. I tillegg hadde frigjeringskampen i India den ringverknaden at Mountbatten ikkje fekk bruke indiske soldatar for å slå ned på uro i Burma. Dermed hadde han lite å stille opp med dersom det kom til eit stort opprør. Han unnlot å stilla Aung San for retten, og i staden byrja forhandlinga om vilkår for frigjeringa mellom Aung San og guvernøren i Burma, Sir Hubert Rance. Dei vart avslutta i januar 1947, men både kommunistar og konservative i AFPFL var misnøgde med avtalen. Det var også U Saw, han meinte Aung San hadde vore for ettergivande. 19. juli 1947 vart Aung San og seks kolleger frå regjeringa, skotne utanfor regjeringsbygningen. U Saw vart seinare avretta, dømd for å stå bak morda. Sao Shwe Thaik vart bede om å danne ei ny regjering, og han stod ved roret då Burma offisielt vart sjølvstendig 4. januar 1948.

Sjølvstendig Burma[endre | endre wikiteksten]

Det burmesiske flagget i dag.

Burma var ruinert og totalt øydelagt etter krigen, og gjekk difor inn for ei nøytral linje i internasjonal politikk. Landet hadde mange interne vanskar dei første åra, mellom anna opprør frå både kommunistar, Aung San-tilhengarar og karenske stammefolk. Jungelområda i nord husa ei stund kinesiske nasjonaliststyrkar på flukt etter at kommunistane tok over makta der i 1949. Burma tok imot noko økonomisk hjelp til gjenoppbygging av landet de første åra, men vedvarande amerikansk støtte til Taiwan førte til at landet etter kvart avslo all utanlandsk hjelp. Burma streva etter å vere upartiske i verdspolitikken, og var eitt av dei første landa som anerkjente Israel og Folkerepublikken Kina.

Fram mot 1958 bedra økonomien seg synleg, men den politiske leiinga hadde byrja å slå sprekker. Toppleiinga i AFPFL var stadig usamde og situasjonen vart etter kvart så ustabil av U Nu inviterte høgstkommanderande i hæren, Ne Win til å overta leiinga. Ne Win lukkast i å stabilisere situasjonen såpass at det var mogleg å kalle til val i 1960, eit val U Nu vann med stort fleirtal. Men alt i mars 1962 kom Ne Win tilbake, denne gongen som leiar for eit statskupp. Han arresterte U Nu og mange andre statstilsette, og erklærte Burma for ein sosialiststat, styrt av et «revolusjonsråd» av militære senioroffiserar.

U Ne Win (som han no vart kalla) innførte raskt endringar som skulla gjere om Burma til ein ekte sosialiststat. Han innførte eit eittpartisystem der Burma Socialist Program Party (BSPP) hadde all makt. Handel og industri vart nasjonaliserte, men økonomien voks ikkje i byrjinga, av di dei satsa for mykje på å utvikle industrien i staden for jordbruket. I 1972 trekte Ne Win og resten av Revolusjonsrådet seg tilbake frå militæret, men han fortsette å styre landet som sjef for BSPP. I 1974 proklamerte han ei ny grunnlov, som førte til danninga av ei folkeforsamling (Pyithu Hluttaw) som hadde all makt, både lovgjevande, utøvande og juridisk, og danninga av lokale Folkeråd. Ne Win vart president i den nye regjeringa.

I desember 1974 braut det ut massive demonstrasjonar mot regjeringa, dei største så langt i burmesisk historie. Høvet var bisetjinga av tidlegare generalsekretær i FN, U Thant. Han hadde vore U Nu sin næraste rådgjevar på 1950-talet, og var eit symbol for motstanden mot militærregimet.

På 1980-talet voks økonomien etter som regjeringa letta på restriksjonane for å motta utanlandsk hjelp, men mot slutten av tiåret fall prisane, og saman med aukande gjeld førte det Burma inn i ei økonomisk krise. Økonomiske reformer letta på det sosialistiske styret og freista utanlandske investorar, men dette var ikkje nok til å hindre den aukande misnøya i landet. Ne Win gjekk av som president i 1981, men heldt på makta som leiar for BSPP fram til juli 1988. Denne sommaren kom det til massive demonstrasjonar over heile landet, spesielt i dei urbane områda. Landet var på randen av revolusjon. Militæret, under kommando av general Saw Maung, trådde til for å gjenopprette orden, og SLORC (State Law and Order Restoration Council) vart oppretta og tok over makta etter regjeringa, med Saw Maung som leiar og statsminister.

SLORC-perioden (1988-1997)[endre | endre wikiteksten]

Militærregjeringa endra det offisielle namnet på landet frå Burma til Myanmar i 1989. Dei fortsette dei økonomiske reformene som det gamle regimet hadde starta, og oppretta ei grunnlovsforsamling som skulla revidere grunnlova frå 1974. Dei lyste til såkalla frie og rettferdige fleirpartival i 1990. Partiet National League for Democracy (NLD) leia av Aung San Suu Kyi (dotter av Aung San) vann med overveldande fleirtal (82 %)over National Unity Party (NUP) (etterkommaren etter BSPP), men vart nekta å danne regjering. Aung San Suu Kyi og nestleiar U Tin, som hadde sete i husarrest sidan 1989, vart ikkje sloppe fri. Fleire av dei folkevalde parlamentsmedlemma vart utsette for forfølging, arrestasjon og tortur, og mange flykta. Dei danna eksilregjeringa National Coalition Government of the Union of Burma (NCGUB) i Manerplaw i 1990.

Myanmar kom etter kvart under aukande internasjonalt press for å godta den folkevalde regjeringa, særleg etter at Aung San Suu Kyi vart tildelt Nobels Fredspris i 1991. I tillegg leid dei under økonomiske sanksjonar frå mange land. Saw Maung gjekk av i april 1992 og var erstatta av general Than Shwe. Han sette U Nu fri frå fengsel og letta på nokre av restriksjonane rundt Aung San Suu Kyi sin husarrest. I 1995 vart ho sloppe fri, men ho vart framleis nekta å forlate Rangoon.

I 1990-åra fekk regimet etter kvart problem med opprørarar frå ulike etniske grupperingar langs grensene. General Khin Nyunt forhandla fram våpenkvile mellom kinesiske fjellgrupper og kachin, men karenarane nekta å forhandle. Først våren 1995 kapitulerte dei karenske styrkane frå Manerplaw, men geriljagrupper herjar stadig trass i gjentatte forhandlingar. SLORC på si side sette i gang tunge kampanjar for etnisk reinsing, med landminer, brenning av landsbyar og massevaldtekt som middel, i sin tur fortsatt av det «renoverte» SLORC, SPCD (State Peace and Development Council). Ein anna trussel mot makta til juntaen, var Wa-krigsherren Khun Sa, som dreiv med omfattande opuimshandel i Shanstaten. Han overgav seg til samarbeid med SLORC i 1995 etter at press frå USA gjorde det umogleg for han å drive sjølvstendig lenger.

Grunnlovsdanning - the National Convention[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: den burmesiske nasjonalkonvensjonen

I 1992 utlyste juntaen at dei ville nedsetje ein nasjonakonvensjon - eit organ som skulla konstruere ei ny grunnlov skipa på demokratiske prinsipp. Grunnlova skulla danne grunnlaget for at militærregimet kunna trå til side og overføre makta til dei folkevalde. The National Convention, NC, møttest første gongen i 1993, men vart avbrote etter to dagar då det kom fram at dei første sju paragrafane allereie var fastsette. Dessutan var berre 99 av 702 delegatar bland dei folkevalde frå valet i 1990, resten var plukka ut av juntaen. Arbeidet til konvensjonen vart kortliva, mange av dei folkevalde representantane flykta medan dei skylda prosessane for å vere udemokratiske, og konvensjonen vart etter kvart avfeia som eit forsøk på å pasifisere opposisjonen. I 1996 vart konvensjonen mellombels stoppa. Han vart opna igjen i 2003, i samband med dåverande statsminister Kin Nyunt si annonsering av «vegkartet til demokrati», men heller ikkje denne gongen vann han støtte i opposisjonen, som no var utestengde frå heile konvensjonen.

Situasjonen i dag[endre | endre wikiteksten]

Yangon i 2004.

I dag er situasjonen spent. Shan-staten erklærte seg sjølvstendig i februar 2005, med basis i ein lovnad frå general Aung San om at dei skulla få sin eigen stat i løpet av ein tiårsperiode frå 1947 av. I mai same året eksploderte det tre bomber i Rangoon og etterlét (ifølgje dei offisielle tala) 11 daude og 162 skadde. Regjeringa legg skylda for dette angrepet på ein koalisjon av tre ulike geriljagrupperinger og eksilregjeringa NGCUB, men mange meiner at det var iscenesett av regjeringa sjølv for å legitimere aksjonar mot dei aktuelle geriljagruppene. Ingen har så langt tatt på seg skylda for åtaket. Den humanitære situasjonen er uoversiktleg, ettersom regjeringa held korta tett til brystet og ikkje slepp verken informasjon ut eller humanitære hjelpeorganisasjonar inn i landet.

Rapportar om brot på menneskerettene har ført til sanksjonar både frå USA og EU. Suu Kyi vart igjen sett i husarrest i 2000, frigjort i 2002, og igjen arrestert i 2003. Ho er framleis ikkje sloppe fri. Politiske opposisjonelle til regimet har blitt og blir utsette for forfølging, arrest utan rettssak, tortur, slavearbeid og avretting, og dei mange etniske minoritetane blir spelt opp mot kvarande og hindra tilgang på utdanning og infrastruktur for å hindre at opprøret blir farleg for regimet. Juntaen har i fleire omgangar drive, og driv framleis, systematisk etnisk reinsing av dei mange minoritetane i landet, noko som har skapt ein flyktningstraum på fleire hundre tusen til nabolanda, spesielt til Thailand. Dei estimerte tala på illegale burmesiske flyktningar i Thailand ligg i dag på mellom 900 000 og 1 million.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]