Tanja
Utsjånad
Tanja, Tania og Tanya er kvinnenamn som har oppstått som russiske kjælenamn for Tatjana. Tanja har norsk namnedag den 13. juni.
Namnet Tatjana kjem frå det latinske Tatianus som er danna av det romerske familienamnet Tatius. Den opphavlege tydinga er ukjend. Heilage Tatjana er ein gresk-ortodoks helgen som døydde som martyr i år 225.
Tanja har vore brukt i Noreg sidan 1906.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Tanya Tucker (f. 1958), USA-amerikansk songar
- Tania Kjeldset (f. 1960), norsk forfattar
- Tanja Thorjussen (f. 1970), norsk biletkunstnar
- Tanja Hansen (f. 1973), norsk forretningskvinne og pornoskodespelar
- Tanya Stephens (f. 1973), jamaciansk reggae-artist
- Tanja Poutiainen (f. 1980), finsk slalåmkøyrar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Tanja» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Tanja» frå Wikipedia på svensk, og «Tanja» frå Wikipedia på bokmål den 10. juni 2009.