Tanja Poutiainen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tanja Poutiainen
Tanja Poutiainen Semmering 2010.jpg
Fødd 6. april 1980
Rovaniemi
Yrke alpinist
Tanja Poutiainen på Commons

Tanja Poutiainen (fødd 6. april 1980) er ein finsk tidlegare alpinist frå Rovaniemi som vann fire VM-medaljar og ein OL-medalje i storslalåm og slalåm. Ho vann FIS-pokalane som beste utøvar i både slalåm og storslalåm i 2005-sesongen og i storslalåm i 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Poutiainen junior-verdsmeister i slalåm. To veker seinare deltok ho i sitt fyrste verdscuprenn. Hennar og Finlands fyrste pallplassering i eit verdscuprenn i alpine kom 9. desember 2001 i Sestriere, der ho vart nummer to bak svenske Anja Pärson. I februar 2004 stod ho på toppen av sigerspallen i verdscupen for fyrste gong, og det på finsk heimegrunn i Levi der ho vann eit slalåmrenn framon Elisabeth Görgl frå Austerrike.

Gjennom 2005-sesongen kapra Poutiainen ti pallplassar, av dei fire sigrar. Ved sesongslutt stod ho att som vinnar av både slalåm- og storslalåm-cupen, og kom på femteplassen i verdscupen i alpine greiner. Under VM 2005 i Santa Caterina enda ho opp med to sølvmedaljar: I storslalåm bak svenske Anja Pärson, og i slalåm bak kroatiske Janica Kostelić.

Under Vinter-OL 2006 tok Poutiainen ein ny sølvmedalje i storslalåm, bak Julia Mancuso frå USA. Ved alpint-VM 2009 i Val-d’Isère fekk ho bronsemedaljar i storslalåm såvel som slalåm. I 2009 vann ho elles FIS-pokalen i storslalåm for andre gong. Sjetteplassar i slalåm var hennar beste resultat både under vinterleikane 2010 og alpint-VM 2011. I januar 2011 vann Poutiainen sin 11. og siste rennsiger i verdscupen i ei slalåmtevling i Flachau.

Poutiainen deltok i sitt niande verdsmeisterskap i alpine greiner i 2013. Etter fyrste slalåmomgangen låg ho på andreplassen, men etter ein heller svak andreomgang førte henne på fjerdeplass. Ved sesongslutt i 2014 la ho konkurranseskia på hylla.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar