Tannkrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tannkremspor frå ein tube.

Tannkrem er eit tregtflytande reingjeringsmiddel for tenner. Tannkrem kan vera tilsett ulike kjemikaliar som fjernar bakteriar eller har andre funksjonar som hindrar skader på tenner og tannkjøt. Dei fleste tannkremar inneheld i dag fluor, som er påvist å styrkja emaljen på tennene. Tannkremen har mellom anna den funksjonen at det skummar og lèt tannbørsten gli lettare. Dessutan er han oftast tilsett smak slik at ein får ein god smak i munnen og ein «frisk» pust.

Det vert produsert mange typar tannkrem, med ulike eigenskapar og verknader. Tannkremen kan vera tilsett ulike stoff som skal hjelpe mot konkrete tannhelseproblem til dømes å fjerna misfargingar, vera bra for tannkjøtet, verna mot plakk eller tannstein osb. Det finst òg tannkremar laga spesielt for barn i ulike aldrar. Tannkrem for barn er spesielt tilpassa mjølketenner, og har ofte mindre fluor enn vanlege tannkremar. Dei har òg gjerne mildare smak. For folk som er plaga med ising i tennene finst det spesielle tannkremar, som gjerne vert kalla «sensitive».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Tannkost

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.