Kjemikalie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laboratorieframstilling av diazometan.

Kjemikal, kjemikalie eller kjemikalium er kjemiske stoff framstilte gjennom kjemiske metodar i fabrikkar eller laboratorium. Omgrepet kan omfatta reine grunnstoff, kjemiske sambindingar eller stoffblandingar, og kan vera organiske eller uorganiske. Ein kan skilja mellom kjemikaliar og droger, som er råstoff framstilte frå dyr eller plantar.

Ein skil også mellom finkjemikale og tungkjemikalie. Finkjemikaliar er reine kjemikaliar som blir framstilte og nytta i laboratoriemålestokk med ulik reinleiksgrad. Reinleiken blir oppgjeven med nemningar som rein (purum), reinast (purissimum eller puris.), pro analysi, eller i prosent, promille eller parts per million (ppm). Tungkjemikaliar er kjemikaliar, særleg uorganiske, som blir framstilte i store mengder med såkalla teknisk reinleiksgrad. Syrer, salt og lut som ikkje har blitt særskild reinsa er døme på tungkjemikalie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]