Tapio Wirkkala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tapio Wirkkala i 1959.

Tapio Veli Ilmari Wirkkala, kjend som Tapio Wirkkala, (2. juni 191519. mai 1985) var ein finsk formgjevar og bilethoggar frå Hangö, bror til kunsthandverkaren Tauno Wirkkala, gift med kunsthandverkaren Rut Bryk, far til formgjevaren Sami (Sampsa) Tuomas Wirkkala og kunstnaren Maaria Piritta Wirkkala.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Han var utdanna ved Taideteollinen keskuskoulu/Konstindustriella läroverket i Helsingfors som bilethoggar. Han gjekk ut derfrå i 1936.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Han er aller mest kjend for glasarbeida sine, mest for finske Iittala, men også for Venini i Venezia, Italia.

I 1946 vann han fyrstepremien i ei tevling Iittala hadde lyst ut i dekorativ glasformgjeving. Iittala tilsette han som formgjevar med ei gong, og han skulle fortsetje å arbeide for dei heilt fram til han døydde i 1985. Ei tid var han også kunstnarleg leiar ved Iittala. Han formgav både bruksglas og kunstglas for dei. Av bruksglasseriane hans kan ein nemne Ultima Thule som han laga for flyselskapet Finnair i 1967, men som snart vart sett i vanleg produksjon og som framleis vert laga og seld i store mengder. Andre drikkeglasseriar som framleis er i produksjon hjå Iittala er Tapio og Gaissa.

I 1951 vart han premiert for mellom anna Kantarelli-vasane på Triennalen i Milano. Kantarelliserien vart nærast eit symbol på finsk formgjeving på 1950-talet. I 1951 vart også eit skulpturelt fat i fly-kryssfiner han hadde laga utropt som 'Årets vakraste objekt' (The most beautiful object of the year) av House Beautiful i USA. Saman med Lunningprisen han fekk same år vart dette hans internasjonale gjennombrot. Frå då av og heile livet ut var han eit av dei store internasjonale formgjevarnamna.

Han formgav også møblar, porselen, smykke, tekstil og mykje anna. I tillegg var han arkitekt for mange utstillingar og han laga skulpturar og store utsmykkingar.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

eit utval

  • Prisar ved Triennalen i Milano 1954,1954,1960 og 1963
  • Prisar ved festivalen i Faenze Italia 1963, 1966, 1967, 1969 og 1973
  • 1951 Lunningprisen
  • 1957 Verdsutstillinga i Brussel
  • 1963 The Golden Obelisk, Domus Italia
  • 1964 Honorary Royal Designer of Industry, London, England
  • 1968 Suomen kulttuurirahasto
  • 1971 Royal College of Arts, doctor honoris causa, London England
  • 1980 TEOSTO
  • 1980 Prins Eugenes medalje, Sverige

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]