Tarnów
| Tarnów | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Veslepolske voivodskap | ||
| Areal | 72,40 km² | ||
| Folketal | 101 614 (30. juni 2025)[1] | ||
| Byrettar | 1330 | ||
| Postnummer | 33-100 til 33-110 | ||
| Retningsnummer | +48 014 | ||
| Bilnummer | KT | ||
![]() Tarnów 50°00′45″N 20°59′18″E / 50.0125°N 20.988333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Tarnów | |||
Tarnów (tysk Tarnau; jiddisk טארנא – Turna) er ein by søraust i Polen med om lag 100 000 innbyggjarar.
Byen ligg i Veslepolske voivodskap, men frå 1975 til 1998 var han hovudstad i Tarnów voivodskap.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1224. Han fekk byrettar i 1330. På 1200-talet flytta mange tyskarar frå Kraków og Nowy Sącz til byen. På 1500-talet kom òg mange skotske nybyggjarar til området. Han vart annektert av Habsburgmonarkiet og Austerrike i 1772 under den første delinga av Polen. Bispedømet Tarnów vart oppretta i 1785.
Under den første verdskrigen var byen viktig i den austerriksk-ungarske/tyske Gorlice-Tarnów-offensiven i 1915, ein militæroperasjon som endra situasjonen på austfronten og førte til at store russiske styrkar trekte seg tilbake. Etter krigen vart byen ein del av Den andre polske republikken i 1918.
Før den andre verdskrigen var om lag halvparten, om lag 25 000, av innbyggjarane jødar. Bortsett frå om lag 700 vart alle desse drepne av nazistane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tarnów» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2008.
