Tartit
Utsjånad
Tartit (tamasheq: «foreining») er ei tuareggruppe frå Timbuktu-regionen i Mali. Gruppa består av fem kvinner og fire menn som møttest i ein flyktningleir i Burkina Faso, der musikken var ein måte å overleve på konfrontert med dei økonomiske, sosiale og politiske problema i regionen.
Dei fleste av songane til Tartit har ein enkel oppbygnad. Dei kvinnelege medlemmane speler dei tradisjonelle instrumenta imzad-lutt og tinde-tromme, mens mennene speler tehardent-lutt og elektrisk gitar. I tillegg bidrar dei fleste med song og klapping. Resultatet er ein slags ørkenblues.
Tekstane deira gir uttrykk for håp, fred og livskraft.
Medlemmar (2006)
[endre | endre wikiteksten]- Fadimata Walett Oumar (song, tinde)
- Walett Oumar Zeinabou (song, tinde)
- Mama Walett Amoumine (song, tinde)
- Fadimata W. Mohamedun (Fatma) (song, tinde)
- Tafa Al Hosseini (song, imzad)
- Mohamed Issa ag Oumar (elektrisk gitar, song)
- Ag Mohamed Idwal (firestrengs tehardent)
- Amanou (trestrengs tehardent, song)
- Mossa Ag Mohamed (song)
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1997: Amazagh
- 2000: Ichichila
- 2006: Abacabok'