Tassos Papadopoulos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tassos Papadopoulos

Tassos Nikolaou Papadopoulos[1] (7. januar 193412. desember 2008) er ein kypriotisk politikar frå Levkosía. Papadopoulos var president på Kypros frå 28. februar 2003 til 28. februar 2008.

Papadopoulos leia sentrumspartiet Dimokratiko Komma (Det demokratiske partiet). Han vart vald til president 16. februar 2003 med 51,5 % av røystene i første valomgang, framfor den sitjande presidenten Glavkos Kliridis. Papadopoulos oppmoda i 2004 folket til å røysta «nei» i folkerøystinga om SN sin fredsplan for Kypros, og det vart òg eit nei-fleirtal. Ved presidentvalet 17. februar 2008 kom han på tredje plass i første runde med 31,8 % av røystene, og måtte dermed gå av som president.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Τάσσος Παπαδόπουλος med gresk skrift