Tata Nano
Utsjånad

Nano er ein indisk bilmodell frå Tata Motors. Han blei først produsert i 2008 og avvikla ti år seinare.
Tata Nano blei hovudsakleg marknadsført i India som ein billig bybil meint å appellera til motorsykkelbrukarar. Prisen ved lanseringa var ein lakh eller 100 000 rupiar, om lag 1500 US-dollar.[1]
Problem med tryggleik og produksjon førte til lågare salstal enn forventa, og Tata Nano blei eit tapsprosjekt.[2] Produksjonen enda i mai 2018.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Chang, Richard S., Tata Nano: The World's Cheapest Car
- ↑ ««Verdens billigste bil» på dødsleiet». Dagens Næringsliv. 17. juli 2018.
- ↑ «Air Asia Case Puts Spotlight Once Again on Cyrus Mistry's 'Legacy Hotspots'». The Wire. Henta 5 June 2018.
Denne teknologiartikkelen som har med økonomi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |