Tatjana Zelentsova
| Tatjana Zelentsova | |
| Statsborgarskap | Russland |
| Fødd | 5. august 1948 (77 år) Novorossijsk |
| Idrett | friidrett |
| Utmerkingar | Hedret mester i idrett av Sovjetunionen, Honoured coach of the RSFSR |
Tatjana Petrovna Zelentsova (fødd 5. august 1948) er ein tidlegare hekkeløpar frå Novorossijsk som representerte Sovjetunionen. Ho vart i 1978 europameister på 400 meter hekk og sette to verdsrekordar i øvinga.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Zelentsova tevla i yngre år for det meste på 100 meter hekk, utan å nå eit internasjonalt nivå i øvinga. Då 400 meter hekk midt i 1970-åra også kom på programmet for kvinner, bytta ho øving. I 1976 vart ho den fyrste vinnaren av 400 meter hekk i Sovjet-meisterskapen. To veker før Friidretts-EM 1978 slo Zelentsova verdsrekorden i øvinga med eit løp på 55,31 sekund i Podolsk. Under europameisterskapen i Praha forbetra ho verdsrekorden til 54,89 og sikra seg gullmedaljen, også sølvmedaljøren Silvia Hollmann frå Vest-Tyskland kom under den førre verdsrekorden.
Zelentsova utvandra i 1989 til USA.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tatyana ZELENTSOVA | Profile | World Athletics
- Denne artikkelen bygger på «Tatjana Petrowna Selenzowa» frå Wikipedia på tysk, den 4. september 2023.