Tavastland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tavastland
Tavastland

Våpen

Plassering

Tavastland
62°10′12″ N 24°33′56″ E

Tavastland (finsk Häme, latin Tavastia) er eit historisk landskap i Mellom- og Sør-Finland. Området til det historiske landskapet tilsvarer i dag landskapa Egentliga Tavastland, Päijänne-Tavastland (større delen), Birkaland (delvis) og Mellersta Finland.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Tavastland var eit av slottslena i Finland i mellomalderen. Det vart danna rundt Tavastehus slott, ein hypotese er at dette slottet vart grunnlagt rundt 1250 av Birger jarl.

Den opphavlege folkegruppa her vart kalla tavaster, 'tavastlendingar'.[1] Etymologisk sett er det finske ordet for tavastllendingar, hämäläjset, etymologisk knytt til samane si eiga nemning sápmelaš.[2]

Det svenske namnet Tavastland finst dokumentert som Tafæistalandrunesteinar frå første delen av 1000-talet, og gav opphavet til det latinske namnet Tavastia, som første gangen vart dokumentert år 1303.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tavastland i Nationalencyklopedin på nett. Henta 29 juni 2017.
  2. samiska: dialekter i Nationalencyklopedin på nett. Henta 29 juni 2017.
  3. Schalin, J (2014): «Fibula, Fabula, Fact - The Viking Age in Finland»; red. Ahola J, Frog, Tolley C; Studia Fennica, SKS; s. 416-421.