Runestein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runestein over dansk høvding som døydde på handelsferd på sørlege Öland, Sverige.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Ein runestein er ein stein med runeinnskrifter, og kan òg ha bilete og dekor av ymse slag. Inskriftene vart hogde inn, så bokstavane vart rimeleg store. Formatet på steinen vart deretter.

Skriftene var enten for å minnast stormenn eller viktige hendingar og handlingar, som at nokon bar fisk til eit vatn på Hardangervidda og gjorde dette kjent for ettertida. Mange steinar var obeliskliknande, og kravde stor mannemakt å reise.

Runestein i Lund

Ofte inneheld innskriftene også figurar. Teksten kan også vere kunstnarisk utforma, til dømes kan linjene med bokstavar vere forma som band med løkker.

Runesteinar finst i heile Skandinavia. Kopiar og forsøk på svindel er kjent. Den såkalla Kensingtonsteinen frå USA trur ein er eit forsøk på å flytte vikinghistoria frå «Vinland» til Midtvesten. Helge Ingstad sine utgravingar ved L’Anse aux Meadows avdekte ingen runer, men viste truleg grensa for kor langt Leiv Erikson sine etterkomarar kom.[treng kjelde]

Kjende runesteinar[endre | endre wikiteksten]