Taylorisme
Taylorisme, eller «vitskapleg leiing», er ein bedriftsleiingsteori med siktemål å auke arbeidsproduktiviteten mest mogleg. Ideane vart utvikla av Frederick Winslow Taylor i 1880- og 1890-åra, og vart publiserte i bøkene Shop Management (1905) og The Principles of Scientific Management (1911).
Taylor meinte at avgjerder baserte på tradisjon burde avløysast av presise prosedyrar utvikla etter nøyaktige studium av individet i arbeid. Dette inneber ein høg grad av leiarkontroll over arbeidet til dei tilsette.
I leiingsteori i dag blir omgrepet taylorisme mest bruka som kontrast til nye og betre måtar å leie arbeid på. Taylorisme kan sjåast som arbeidsdeling i det ekstreme, med umenneskeleggjering av arbeidaren som resultat.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Den engelskspråklege wikipediaen, art. Scientific management, som lesen 28. juni 2009.