Team America: World Police

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Team America: World Police
OpphavslandUSA
RegiTrey Parker
ProdusentScott Rudin
Trey Parker
Matt Stone
ManusTrey Parker
Matt Stone
Pam Brady
MusikkHarry Gregson-Williams
FilmselskapParamount Pictures
Utgjevingsår2004
Lengd98 min.
Budsjett32 millionar USD

Team America: World Police er ein amerikansk komedie frå 2004, produsert av Trey Parker, Matt Stone og Scott Rudin, dei to første kjende som skaparane av den animerte fjernsynsserien South Park. Filmen er ein satire på actionfilmar og tilhøyrande klisjear og stereotypar. Filmtittelen er avleidd frå nasjonal og internasjonal kritikk mot utanrikspolitikken til USA.

I staden for verkelege skodespelarar bruker filmen marionettar, med Parker, Stone, Kristen Miller, Masasa Moyo, Daran Norris, Phil Hendrie, Maurice LaMarche, Chelsea Marguerite, Jeremy Shada og Fred Tatasciore som stemmeskodespelarar.

Filmen premierte under Denver Film Festival den 14. oktober 2004, og vart utgjeven på kinoar i USA dagen etter av Paramount Pictures. Han fekk hovudsakleg positive omtalar og spelte inn over 51 millionar dollar mot eit budsjett på 32 millionar dollar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Team America: World Police
Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.