Tees-Exelinja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete av Storbritannia med Tees-Exelinja i raudt.

Tees-Exelinja er ei imaginær linje som kan trekkast over Storbritannia som grovt skil låglands- og høglandsregionane i landet.

Linja går frå munningen til elva Tees mellom Redcar og Hartlepool nordaust i England til munningen av elva Exe i Devon i sørvest. Låglandet dominerer aust for linja, og høgland i vest. Områda vest for linja tenderer òg til å ha eit våtare klima enn dei i sør og aust.

Vest og nord for denne linja består berggrunnen av eldre, harde bergartar, i det alt vesentlege tilhøyrande dei kaledonske og hercynske foldesonene frå oldtida itl jorda. Landskapet her er høgare og meir kupert enn i dei søraustre delane av landet, som er bygd opp av blaute, relativt flattliggande sedimentære bergarter frå mellomalderen til jorda og tertiær. Landskapet her er meir ope og høgdeskilnadane langt mindre enn i nordvest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]