Tertiærtida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tertiær)

Tertiærtida eller berre tertiær har vore ei nemning på den geologiske perioden mellom krit- og kvartærtida mellom 65,5 og 1,8 (alternativt 2,6) millionar år sidan.

I 2004 avgjorde Den internasjonale kommisjonen for stratigrafi at inndelinga av kenozoikum i tertiærtida og kvartærtida skulle erstattast med ei inndeling i paleogen og neogen. Av geologiske epokar som utgjorde tertiærtida, finn ein no paleocen, eocen og oligocen i paleogen, medan miocen og pliocen (i tillegg til epokane i kvartærtida) vart slegne saman til neogen. Etter ei alternativ inndeling blir tertiær no førebels delt i to periodar, paleogen (65,5–23,0 mill. år) og neogen (23,0–1,8 (alternativt 2,6) mill. år).

Bergartar som er lagt ned i tertiær vert kalla tertiærsystemet. Namnet vart brukt første gongen 1760 av Giovanni Arduino, som delte berggrunnen i tre ledd, derav tertiær omfatta dei yngste og gjerne fossilrike sedimenta. I 1810 samanfatta Alexandre Brongniart alle sedimentære bergarter i Parisbekkenet under terrain tertiaires, og snart vart alle avleiringar som var yngre enn krit i vestlege Europa rekna til tertiær.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste av dei store fjellkjedene i dag vart folda saman eller vidare påbygd i løpet av tertiær, til dømes Andesfjella, Rocky Mountains, Alpane, Himalaya og Atlasfjella. Grønland skilde lag med Nordvest-Europa ved byrjinga av perioden, og Island, Jan Mayen og botnen under Norskehavet utvida seg ved vulkansk verksemd. Klimaet var varmt i byrjinga av perioden, men vart kaldare ved slutten av eocen. I miocen bygde det seg opp isbrear i Antarktis og i pliocen kom mange kalde tidsavsnitt som innvarsla dei større klimatiske vekslingane med istider i kvartær.

Plante- og dyrelivet[endre | endre wikiteksten]

Plante- og dyrelivet forandra seg brått ved overgangen frå krit til tertiær. På land døydde dinosaurane og pterosaurane ut, og i sjøen forsvann dei store ichtyosaurane, mosasaurane og plesiosaurane, men òg mindre dyr som ammonittane og mange andre marine invertebratar. Òg blant dei planktoniske organismane var det eit rask utdøying ved inngangen til tertiær, og mange har sett dette i samband med ein global katastrofe, som til dømes nedslag av ein kjempemeteoritt eller asteroide, kalla krit/tertiærkatastrofen og som kan ha danna Chicxulubkrateret.

I havet utvikla gastropodane, molluskane, beinfiskane, sjøpiggsvin og foraminiferar seg raskt. Planteverda var dominert av kjempefuru, sumpsypress og lauvtre som svarar til dei som lever i dag. På grunn av ustabile tilhøve i jordskorpa, vart det opna og stengt landbruer som dels tillét spreiing av dyre- og plantegrupper og dels isolerte dei frå resten av verda. På land dukka det opp ei rekkje ulike typar pattedyr, som spreidde seg som bølgjer av former i ulike stadium av utvikling og tok over økologiske nisjar der dinosaurane tidlegare hadde dominert.

Primatane utvikla seg, og fossil av dei tidlegaste hominidane, til dømes den nære slektningen til menneskearten, Australopithecus, er kjent frå pliocen.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Vulkanske bergarter frå tidleg tertiær finst under dei sedimentære bergartenekontinentalsokkelen ut mot Atlanterhavet, til dømes under Vøringplatået. Sedimentære avleiringar frå tertiær finst omfram på norsk kontinentalsokkel òg på land på Spitsbergen, der dei mellom anna inneheld lag av kol. I sentrale delar av Nordsjøen er den tertiære lagpakken opptil 3,5 km tjukk, og dette bidrog til at dei organiske restane i underliggande, eldre sediment kunne mognast til petroleum. Nokre av dei tette leirskiferlaga her verkt som forsegling over olje- og gassførekomstane. Gassfelta Frigg og Odin har tertiær sandstein som reservoarbergart, medan dei fleste gass- og oljefelta i Ekofiskområdet er knytt til kalkstein frå den tidlegaste delen av perioden.

Viktig for landskapsutviklinga i Noreg er at den sentrale og vestlege delen av landet heva seg frå eit nivå nær havflata og vart til ei høgfjellsvidde i løpet av tertiær, truleg ganske seint i perioden og inn i den etterfølgjande kvartærtida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]