Tekaposjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tekapo
innsjø
Lake Tekapo 01.jpg
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Område Canterbury
Distrikt Mackenzie District
Innsjøtype Fjordsjø
Tilsig Godley-elva (i nord), Macauley-elva (i nord), Mistake-elva (i vest), Cass River (i vest)[1]
Utløp Tekapo-elva
Nedslagsfelt 1 463[1] km²
Høgd over havet 700 moh
Lengd 27[1] km
Breidd 6[1] km
Areal Om sommaren 87 km²  om vinteren 82[1] km²
Middeldjupn 69[1] m
Største djupn 120[1] m
Volum 6[1] km³
Koordinatar 43°53′S 170°31′EKoordinatar: 43°53′S 170°31′E
Byar Lake Tekapo
Wikimedia Commons: Lake Tekapo

Tekaposjøen (Lake Tekapo) er den nest største av tre tilnærma parallelle innsjøar som er retta i nord-/sørleg retning langs den nordlege kanten av Mackenzie BasinSørøyaNew Zealand (dei andre er Pukakisjøen og Ohausjøen). Han dekkjer eit område på 82 km² (om vinteren) og ligg 700 meter over havet.

Innsjøen får tilsig frå nord gjennom fleire elver, den største er den forgreina Godley-elva, som har utspringet sitt nord i Søralpane. Innsjøen er eit populært turistmål, og fleire hotell og andre overnattingsstadar ligg i den vesle busetnaden Lake Tekapo i den sørlege enden av sjøen. Lake Tekapo Regional Park, administrert av Environment Canterbury, ligg også ved sørbreidda til sjøen.

Eit astronomisk observatorium ligg ved Mount John, som er nord for byen og sør for den vesle innsjøen Alexandrina.

Vasskraft[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege utløpet til innsjøen låg i den sørlege enden ut i Tekapo-elva. I 1938 starta bygginga av ein kraftstasjon, først planlagt å vera ferdigstilt i 1943, men krigen stoppa anlegget i 1942. Samstundes vart det bygt kontrollportar for å regulera utsleppa nedstraums til Waitaki-demningen. Arbeidet vart teke opp att i 1944, og vasskraftstasjonen, no kjend som Tekapo A, starta produksjonen i 1951.

Tekapo-Pukaki-kanalen.

Vatn frå innsjøen vert leia gjennom ein 1,4 km lang tunnel under byen til kraftstasjonen, derfrå vart vatnet tidlegare leia attende til elva. Etter den vidare vasskraftutbygginga (Upper Waitaki hydroelectric scheme) på 1970-talet, vert vatnet leia inn i ein 26 km lang kanal som fører til Tekapo B på breidda til Pukakisjøen.

Etter ein turbinskade i 1986 vart ein ny kaplanturbin installert, med ein meir effektiv konstruksjon og ei høgare yting (42 000 HK) enn den originale. I dag produserer stasjonen i gjennomsnitt 160 GWh årleg, med ein generator som yter 25,2 MW. Netto fallhøgde til stasjonen er 30,5 meter.

Både Tekapo A- og Tekapo B-stasjonane skal rustast opp i samband med oppgraderinga av Benmore og Waitaki.[2]

Sidan 1. juni 2011 er Tekapo A- og B-stasjonane eigde av det USA-baserte Genesis Energy.[3]

Kyrkja til den gode hyrdingen[endre | endre wikiteksten]

'Kyrkja til den gode hyrdingen' (Church of the Good Shepherd) ligg på breidda til Lake Tekapo. Ho vart sett opp i 1935, og var den første kyrkja som vart bygd i Mackenziebekkenet. Kyrkja ved Burkes Pass, St Patrick's, vart reist i 1872, og var den første kyrkja som vart bygd av pionerane i ein felles innsats frå både anglikanarar, presbyterianarar og katolikkar. Også som eit samarbeid mellom presbyterianarar og anglikanarar vart kyrkja St Columba i Fairlie reist i 1879. Kyrkja ved Tekaposjøen vart teikna av Christchurch-arkitekten R.S.D. Harman, basert på skisser av ein lokal kunstnar, Esther Hope. Kyrkja er utan tvil ei av dei mest fotograferte på New Zealand og har eit altarvindauge som råmar inn ei praktfull utsikt over sjøen og fjella.

Bronseskulptur[endre | endre wikiteksten]

I nærleiken av Kyrkja til den gode hyrdingen står eit av dei mest kjende offentlege monumenta på New Zealand, ein bronsestatue av ein fårehund av typen new zealand-collie.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Panorama av Lake Tekapo frå Mount John som viser Lake Alexandrina til venstre og busetnaden Lake Tekapo til høgre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 J. Irwin (1978). «Bottom sediments of Lake Tekapo compared with adjacent Lakes Pukaki and Ohau, South Island, New Zealand» (PDF). N.Z. Journal of Marine and Freshwater Research. s. 245–250. Henta 17. januar 2012. 
  2. Bruce, David (30. oktober 2008). «Benmore gets more with first full rebuild». Otago Daily Times. Henta 17. januar 2012. 
  3. «Genesis Energy set to acquire Meridian Energy hydro plants». PennWell Corporation. 16. mai 2011. Henta 17. januar 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tekaposjøen

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Lake Tekapo frå Wikivoyage