Teløy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Teløyno)
Teløy
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Areal  1,06 km²
Folketal 0  (2023)
Postnummer 5419 FITJAR
Kart
Teløy
59°55′52″N 5°15′14″E / 59.931111111111°N 5.2538888888889°E / 59.931111111111; 5.2538888888889

Teløy er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune, nordvest for Fitjar sentrum. Øya ligg vest for Fonno, aust for Engesund, nordvest for Smedholmen og nord for Stora Eldøy.

Forma på øya er prega av fleire viker og pollar, med Pilapollen på sørsida som den største.

Øya har eit areal på like over 1 km², er 2,2 km lang og kring 800 meter brei på det breiast. Eidet frå Pilapollen til Fodnosen er derimot berre kring 35 meter. Det høgaste punktet på øya er 44 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.