Telegraføya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 26°11′N 56°21′E
Telegraføya
øy
Telegraph Island.png
Land Flag of Oman.svg Oman
Koordinatar 26°11′N 56°21′E
Folketal 0

Telegraføya
26°11′43″ N 56°20′34″ E
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Telegraph Island

Jazirat al Maqlab eller Telegraføya er ei øy i Elphinstonevika, kring 1,5 km utafor kysten av Musandamhalvøya i Oman. Bukta minnar om ein fjord med høge fjell rundt.

På 1800-talet stod det ein forsterkarstasjon på øya for å forsterke telegrafmeldingar langs Persiabukta undersjøiske kabel, som var ein del av London-Karachi-kabelen. Det var ikkje lett for operatørane på øya med særs heite somrar og fiendtlege lokale stammer som gjorde livet særs vanskeleg.[1]

Øya vart fråflytta i 1870-åra og har stått tom sidan, med berre ruinane av stasjonen att. Øya har dei seinare åra ofte blitt vitja av turistar på dhow-båtar, som ser på ruianne og snorklar i farvatnet rundt øya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dunlop, Fiona (4. mars 2007). «Quiet Weekend in Musandam». Oman Travel Section, Daily Telegraph (London: Telegraph Group). Henta 17. august 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]