Oman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
لطنة عُمانS
Saltanat Uman

(norsk: Oman, omansk)

Det omanske flagget Det omanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Nashid as-Salaam as-Sultani»
Motto Ingen
Geografisk plassering av Oman
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Muscat
Styresett
Monarki (Sultanat)
Haitham bin Tariq Al Said
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
309 500 km² (70.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
3 424 386 (133.)
11,1 /km² (180.)
Sjølvstende
Frå Portugal
1650
Nasjonaldag 18. november
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
171 700 mill. USD (66.)
47 500 USD (23.)
Valuta Omansk rial (OMR)
Tidssone UTC +4
Telefonkode +968
Toppnivådomene .om


Oman (arabisk عمان, ʻUmān), offisielt Sultanatet Oman (arabisk سلطنة عُمان, Salṭanat ʻUmān), er eit arabisk land på søraustkysten av Den arabiske halvøya. Det har ei strategisk viktig plassering ved munningen av Persiabukta, med grense til Dei sameinte arabiske emirata i nordvest, Saudi-Arabia i vest og Jemen i sørvest, og ei maritim grense med Iran og Pakistan. Kysten er forma av Arabiahavet i søraust og Omanbukta i nordaust. Eksklavane Madha og Musandam er omgjevne av UAE med Hormuzsundet og Omanbukta langs kysten av Musandam.

Frå seint på 1600-talet var det omanske sultanatet eit mektig rike, og kjempa med Portugal og Storbritannia om makt i Persiabukta og Indiahavet. På det største på 1800-talet strekte den omanske makta seg over Hormuzsundet til dagens Iran og Pakistan, og så langt sør som Zanzibar (i dag ein del av Tanzania).[1] Då makta vart svekt på 1900-talet, kom sultanatet under britisk påverknad. Historisk var Muscat den viktigaste hamnebyen kring Persiabukta, og ei av dei viktigaste i Indiahavet. Den offisielle religionen i Oman er islam.

Oman er eit absolutt monarki.[2] Sultanen Qaboos bin Said al Said herska over landet frå 1970 til han døydde i 2020.[2] Han var lenge den lengstsitjande statsleiaren i Midtausten.[3] Stoda til menneskerettane i Oman har vorte kritisert.[4][5][6]

I motsetnad til dei ressursrike nabolanda, har Oman berre moderate oljereservar, og er rangert på 25. plass globalt.[7][8] Likevel rangerte UNDP i 2010 Oman som det landet som har utvikla seg mest i løpet av dei føregåande 40 åra. Oman er kategorisert som høginntektsland og er rangert som det 59. mest fredelege landet i verda ifylgje Global Peace Index.[9][10]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oldtida[endre | endre wikiteksten]

I Aybut Al Auwal i Dhofar guvernement i Oman vart det i 2011 oppdaga ein stad med meir enn 100 steinreiskap på bakken. Desse høyrde til ein spesifikk afrikansk steinindustri - Nubia-komplekset - tidlegare berre kjend frå frå nordaustlege Afrika og Afrikas horn. To optisk stimulerte luminescens aldersestimat estimerer det arabiske nubia-komplekset til å vere 106 000 år gamalt. Dette støttar teorien om at tidlege menneske flytte frå Afrika og inn i Arabia i sein pleistocen.[11] Dereaze, som ligg i byen Ibri er den eldste kjende busetnaden i området, datert 8 000 år attende i sein steinalder.[12] Det er gjort arkeologiske funn her frå steinalderen og bronsealderen, som steinreiskapar, dyrebein, skjeler og eldstader. Ein eldstad er datert til 7615 fvt. og er det eldste sporet etter busetnad i området. Andre funn er handlaga keramikk med merke frå før bronsealderen, tunge flintverktøy og spisse verktøy og skraper.

Ei grav i Al Ayn i Oman, ein verdsarvstad.

Sumeriske tavler refererer til eit land kalla Magan[13][14] eller Makan,[15][16] eit namn ein trur syner til dei gamle kopargruvene i Oman. Mazoon er eit anna namn som er brukt om regionen, og kjem frå ordet muzn, som tyder tunge skyer med mykje vatn. Dagens namn på landet, Oman, trur ein kjem frå arabiske stammer som flytte til området frå Uman-regionen i Jemen. Mange slike stammer slo seg ned i Oman og levde av fiske, gjeting eller dyreavl, og mange av dagens omanske familiar kan spore røtene sine til andre delar av Arabia.

Frå 500-talet fvt. til islam kom til området på 600-talet evt., var Oman kontrollert og/eller påverka av tre persiske dynasti: akamenidane, partarane og sassanidane. Eit par forskarar meiner at akamenidane på 500-talet fvt. hadde stor kontroll over den omanske halvøya, og styrte truleg frå ein kystby som Sohar. Det sentrale Oman har sin eigen innfødde, såkalla kultursamling frå seinjarnalderen, Samad al-Shan. Kring 250 fvt. hadde Partia-dynastiet teke kontroll over Persiabukta. Dei strekte makta si så langt som til Oman, og oppretta garnisonar der for å ha kontroll over handelsrutene i Persiabukta. På 200-talet evt., tok sassanidane over etter Partia og heldt området fram til islam oppstod fire hundre år seinare.[17] Omanarane var av dei fyrste som kom i kontakt med og godtok islam.[18] Amr ibn al-As har jamnast fått æra for omvendinga av omanarane. Han vart send av profeten Muhammed under Zaid ibn Haritha-ekspedisjonen.

Portugisisk kolonisering[endre | endre wikiteksten]

Eitt tiår etter Vasco da Gama runda Kapp det gode håp og sigla til India i 1497–98, kom portugisarane til Oman og okkuperte Muscat i 143 år, frå 1507 til 1650. Festninga deira står framleis. Portugisarane trong ein utpost for å verne skipsrutene sine, og bygde ut byen med festningsverk. Restar av arkitekturstilen deira finst framleis. Ein osmansk flåte erobra Muscat i 1552, under kampen om å få kontroll over Persiabukta og Indiahavet.[19]

Dei osmanske tyrkarane erobra Muscat frå portugisarane igjen mellom 1581–88. Opprørske stammer klarte til slutt å drive ut portugisarane, men dei vart sjølve drivne bort eit hundreår seinare, i 1741, av leiaren for ei omansk stamme. Han byrja den noverande lina av regjerande sultanar. Utanom ein kortvarig persisk invasjon seint i 1740-åra, har Oman vore sjølvstyrt sidan den gongen.[20]

1700- og 1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Sultanpalasset i Zanzibar, som ein gong var hovudstad i Oman og residens for sultanane.

I 1690-åra pressa Saif bin Sultan, imamen i Oman, nedover Swahilikysten. Eit stort hinder for han var Fort Jesus, som hyste ein garnison frå den portugisiske busetnaden i Mombasa. Etter ei to år lang kringsetjing, fall fortet til bin Sultan i 1698. Etter dette dreiv omanarane portugisarane bort frå Zanzibar og frå alle andre kystområde nord for Mosambik, med hjelp frå somaliarar. Persarane invaderte Oman i 1737, men vart drivne ut att i 1749, då Al Said-dynastiet kom til makta. Dei styrer framleis Oman i dag.

Zanzibar var eit verdfullt område som den viktigaste slavemarknaden på Swahilikysten, og vart stadig viktigare for det omanske riket. Dette gjorde at sultanen av Oman, Sa'id ibn Sultan, på 1800-talet valde å flytte dit i 1837. Sa'id bygde imponerande palass og hagar i Zanzibar. Rivaliseringa mellom dei to sønene hans vart løyst, med hjelp av tvinga britisk diplomati, då ein av dei, Majid, tok trona i Zanzibar og dei mange regionane som familien gjorde krav på langs Swahili-kysten. Den andre sonen, Thuwaini, arva Muscat og Oman. Zanzibar påverka Komorane i Indiahavet og introduserte indirekte omanske skikkar i den komoriske kulturen. Dette omfatta både tekstiltradisjonar og bryllaupsseremoniar.

I 1783 slo Saiad Sultan frå Oman herskaren i Muscat, og fekk suverenitet over Gwadar. Denne kystbyen ligg i Makran-området i det som no er det sørvestlege hjørnet av Pakistan, nær dagens grense til Iran, ved munningen av Omanbukta.[21] Etter å ha fått kontroll over Muscat, vart denne suvereniteten halden fram via ein utpeikt wali («guvernør»).

Hajarfjella, som Jebel Akhdar er ein del av, skil landet i to ulike regionar: det indre, kjent som Oman, og kystområda dominert av hovudstaden, Muscat.[22] I 1913 vart kontrollen over landet delt. Det indre var styrt av Ibaditt-imamar og kystområda av sultanen. Britane var meklarar for Seeb-avtalen i 1920, der sultanen godkjende sjølvstendet til det indre området. Sultanen i Muscat skulle vere ansvarleg for utanrikssakene til Oman.[23]

Under sultan Said si regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Regjeringstida til sultan Said bin Taimur vart skildra som føydalt og isolasjonistisk. Imam Ghalib Al Hinai vart utvald til imam i imamatet Oman i mai 1954.[24] Tilhøvet mellom sultanen av Muscat, Said bin Taimur, og imam Ghalib Al Hinai sprakk over ein strid om retten til å gje oljekonsesjonar. Eit dotterselskap av Iraq Petroleum Company var særs interessert i nokre lovande geologiske formasjonar nær Fahud.[22] Ifylgje Seeb-avtalen frå 1920 meinte sultanen at han hadde krav på alle tingingar med oljeselskap. Imamen meinte derimot at sidan olja låg på området hans, så var dette ei innanrikssak.[22]

I desember 1955 sende sultan Said bin Zubair soldatar frå Muscat for å okkupere dei største byane i Oman, inkludert Nizwa, hovudstaden i imamatet Oman, og Ibri.[23] Imam Ghalib Al Hinai og den yngre broren Talib bin Ali Al Hinai, leia imamatet Oman i Jebel Akhdar-krigen mot sultan Said bin Taimur. I juli 1957 trekte styrkane til sultanen seg attende, men vart stadig åtekne i bakhaldsåtak, og leid store tap.[23] Sultan Said bin Taimurk klarte derimot med hjelp infanteri, pansra køyretøy og fly frå britane å slå ned opprørarane.[25] Styrkane til Talib trekte seg attende til dei utilgjengelege Jebel Akhdar.[25]

Oberst David Smiley, som vart sett til å organisere styrkane til sultanen, klarte å isolere fjellet hausten 1958 og fann ei rute til platået frå Wadi Bani Kharu.[26] Den 27. januar 1959, okkuperte dei fjellet i ein overraskande operasjon.[26] Ghalib, Talib og Sulaiman klarte å rømme til Saudi-Arabia, der saka til imamatet vart fremja fram til 1970-åra.[26]

I 1955 vart eksklaven Makran avstått til Pakistan og vart ein del av Balutsjistan-provinsen, medan Gwadar ikkje var ein del av Makran då. Den 8. september 1958 kjøpte Pakistan Gwadar-enklaven frå Oman for 3 millionar US-dollar.[27] Gwadar vart så ein tehsil i Makran-distriktet.

Det vart oppdaga oljereservar i 1964 og utvinninga byrja i 1967. I Dhofar-opprøret, som byrja i 1965, gjekk venstreorienterte styrkar til åtak mot statlege styrkar. Då opprøret truga med å styrte sultanen sitt styre i Dhofar, vart sultan Said bin Taimur avsett i eit blodlaust kupp (1970) av sonen hans Qaboos bin Said, som utvida dei væpna styrkane sine, moderniserte statsadministrasjonen og innførte sosiale reformer. Opprøret vart stoppa i 1975 med hjelp av styrkar frå Iran, Jordan, Pakistan og britiske Royal Air Force og Special Air Service.

Under sultan Qaboos si regjeringstid[endre | endre wikiteksten]

Etter at han avsette faren i 1970, opna sultan Qaboos opp landet, sette i gang økonomiske reformer, og moderniserte landet med å bruke meir pengar på helse, utdanning og velferd.[28] I 1981 vart Oman eit av dei seks fyrste medlemslanda i Golfrådet. Det vart etter kvart òg innført politiske reformer. TIdlegare vart veljarane valde blant stammeleiarane, intellektuelle og forretningsmenn. I 1997 avgjorde sultan Qaboos at kvinner skulle få stemmerett og kunne veljast til Majlis al-Shura, Den rådgjevande forsamlinga i Oman. To kvinner vart så valde inn i forsamlinga.

I 2002 vart stemmerettane utvida til alle borgarar over 21 år, og det fyrste valet til Den rådgjevande forsamlinga med dei nye reglane, vart halde i 2003. I 2004 utpeikte sultanen den fyrste kvinnelege ministeren med portefølje, Sheika Aisha bint Khalfan bin Jameel al-Sayabiyah.[29] Trass i desse endringane, var det få endringar i den faktiske politiske samansetjinga i regjeringa. Nesten 100 mistenkte islamistar vart arreserte i 2005 og 31 personar vart dømde for å prøve å styrte regjeringa. Dei vart til slutt gjevne nåde i juni same året.[7]

Inspirert av den arabiske våren fann det stad opprør gjennom heile regionen. Det var òg demonstrasjonar i Oman tidleg i 2011. Dei demonstrerte ikkje for å styrte regimet, men kravde politiske reformer, betre levevilkår og fleire arbeidsplassar. Dei vart stoppa av opprørspoliti i februar 2011. Sultan Qaboos reagerte med å love jobbar og betre vilkår. I oktober 2011 vart det halde val til Den rådgjevande forsamlinga, som sultan Qaboos lova å gje større makt. Året etter byrja regjeringa å slå ned på nettbasert kritikk. I september 2012 byrja rettssaker for aktivistar skulda for å poste «grov og provoserande» kritikk av regjeringa på nettet. Seks av dei fekk 12-18 månader i fengsel og bøter på kring 2500 USD kvar.[30]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå omansk geografi.
Kysten av Sur i Oman.

Oman ligg mellom breiddegradane 16° og 28° N, og lengdegradene 52° og 60° E. Ein stor grusørken dekkjer det meste av det sentrale Oman med fjellkjeder langs dei nordlege områda (Al Hajar-fjella) og søraustkysten, der dei største byane i landet ligg: hovudstaden Muscat, Sohar og Sur i nord, og Salalah i sør. Klimaet i Oman er varmt og turt i dei indre områda og med høg luftråme langs kysten. I tidlegare tider var Oman dekt av hav, noko ein kan sjå av dei mange fossilerte skjelene inne i ørkenområda.

Omansk oase og ørkenlandskap.

Halvøya Musandam (Musandem) er ein eksklave, med ei strategisk plassering ved Hormuzsundet, som er skild frå resten av Oman av Dei sameinte arabiske emirata.[31] Rekkja av småbyar som i lag vert kalla Dibba er inngangsporten til Musandamhalvøya på land og i fiskelandsbyane i Musandam er det båtar til leige for turar rundt Musandamhalvøya til sjøs. Den andre eksklaven i Oman, inne i Dei sameinte arabiske emirata, heiter Madha, og ligg halvvegs mellom Musandamhalvøya og resten av Oman.[31] Det er ein del av Musandam guvernement, og dekkjer omtrent 75 km². Grensa til Madha vart fastsett i 1969, og det nordaustlege hjørnet av Madha ligg berre 10 meter frå vegen til Fujairah. Inni Madha-eksklaven ligg ein emiratarabisk enklave kalla Nahwa, som høyrer til emiratet Sharjah. Denne ligg 8 km langs ein grusveg vest for byen Ny Madha, og består av kring førti hus med eit lækjarkontor og telefonsentral.[32] Det er funne mange meteorittar i den sentrale ørkenen i Oman.[33]

Klima[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå klima i Oman.

Som resten av Persiabukta, er Oman generelt eit av dei varmaste landa i verda, med lite nedbør. Årsmiddelnedbøren i Muscat er kring 100 mm, og det meste kjem i januar. Dhofarfjella har eit tropeaktig klima og får regn til visse tider av året (frå seint i juni til seint i september) på grunn av monsunvinden frå Indiahavet, metta med kjølig, fuktig luft og tåke.[34] Fjellområda får meir regn, og årsnedbøren i dei høgare områda av Jabal Akhdar er kring 400 mm.[35] Låge temperaturar i fjellområda fører til snø her med nokre års mellomrom.[36] Somme delar av kysten, særleg nær øya Masirah, får stundom ikkje noko regn i det heile på eit heilt år. Klimaet er generelt særs varmt og temperaturane kan nå 50 °C frå mai til september.

Den støvete shamalvinden, som regjerer i Persiabukta, når vanlegvis ikkje sør til Oman. Rundt ein gong i tiåret kan ein tropisk syklon råke Oman.

Natur[endre | endre wikiteksten]

Nakhal-palmer i Batina-regionen.

I Oman finst ørkenkratt og ørkengras, som er vanleg over heile Sør-Arabia, men vegetasjonen er spreidd på det indre platået, som hovudsakleg er ein grusørken. Monsunregnet i Dhofar og fjellområda gjer at det er meir fraudig her om sumaren. Det veks mange kokosnøttpalmar på kystslettene i Dhofar og det vert produsert røykjelse i åsane, med mykje oleander og variantar av akasie. Al Hajar-fjella er ein eigen økoregion, og er det høgaste området i Aust-Arabia med dyreliv, mellom anna arabisk tahr.

Stadeigne pattedyr er leopard, hyene, rev, ulv, hare, oryx og steinbukk. Av fuglar finn ein gribb, ørn, stork, trappgås, arabisk rødhøne, bietar, falk og solfugl. I 2001 hadde Oman ni utryddingstruga pattedyr, fem utryddingstruga fuglearter og nitten utryddingstruga plantearter. Det er gjort vedtak om å verne desse artene, inkludert arabisk leopard, arabisk oryx, fjellgaselle, kråsgaselle, arabisk tahr, suppeskjelpadde, karett og bastardskjelpadde. Friområdet til den omanske arabiske oryxen er den fyrste staden som nokon gong vart fjerna frå verdsarvlista til UNESCO, då staten valde å redusere området til 10 % av den tidlegare storleiken, slik at resten kunne opnast for oljeleiting.[37]

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Turke og lite nedbør har medverka til vassmangel i landet, så eit av dei største miljøproblema i Oman er å oppretthalde nok vatn til jordbruk og hushaldningsbruk. 94 % av tilgjengeleg vatn vert nytta innan jordbruk og 2 % for industrien. Den største kjelda er fossilt vatn i ørkenområda og kjeldevatn frå åsane og fjella. Det er drikkevatn tilgjengeleg over heile landet, anten via røyrleidningar eller det vert levert. Jordsmonet i kystslettene, som Salalah, har synt auka saltnivå, på grunna overbruk av grunnvatn og sjøvatn som kjem inn i vasspegelen. Ureining av strender og andre kystområde av oljetankartrafikken gjennom Hormuzsundet og Omanbukta er òg ein vedvarande fare.[38]

Dyr i Oman vert mishandla. Lokale og nasjonale instansar har notert uetisk handsaming av dyr i Oman. Særleg vert laushundar (og til ein mindre grad lauskattar) ofte utsette for tortur, mishandling og vanstell.[39] I dag er den einaste godkjende metoden å minke talet på laushundar at dei vert skotne av politiet. På grunn av kulturell uro for hundar vert dei ofte steina eller slegne til døde av både tenåringar og vaksne. Kattar vert rekna som meir akseptable enn hundar, men vert òg sett på som ei plage og døyr ofte av svolt eller sjukdom.[40][41]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Al Alam-palasset til sultanen i Gamle Muscat.

Oman er eit absolutt monarki[42] der all lovgjevingsmakt, utøvande makt og domsmakt til slutt kviler i hendene på den arvelege sultanen. Freedom House har ofte rangert landet som «Ikkje fritt».[43]

Sultan Qaboos er statsleiar og kontrollerer direkte utanrikssaker og forsvaret.[44] Sultanen har absolutt makt og sender ut lover via resolusjonar.[45] Sultan Qaboos er den lengstsitjande statsleiaren i Midtausten.[46]

Rettssystem[endre | endre wikiteksten]

Oman er eit absolutt monarki styrt av sultanen. Domsstolen er underlagd sultanen, Ifylgje den omanske grunnlova, er sjarialovene kjelda til all lovgjeving. Sjaria-domstolar i sivilrettssystemet er ansvarleg for familiesaker, som skilsmisse og arv.

Oman har ikkje noko system for motvekter, og dimed inga maktfordeling.[2] Sultanen har all makt,[2] og han er òg stabssjef for militæret, forsvarsminister, utanriksminister og leiar for Sentralbanken.[2] All lovgjeving sidan 1970 har blitt kunngjort via kongelege resolusjonar, inkludert grunnlova i 1996.[2] Sultanen peikar ut domarar og kan gje nåde og gjere om dommar.[2] Makta til sultanen er ukrenkjeleg og sultanen ventar total underordning av viljen hans.[2]

Sjølv om den omanske lovboka teoretisk sett vernar borgarrettar og personleg fridom, vert båe ofte ignorert av regimet.[2] Kvinner og born vert diskriminerte på mange område.[2] Kvinner får ikkje alle statlege goder, som huslån, og er nekta likerett etter den personlege statuslova.[2] Kvinner opplever òg restriksjonar for sjølvråderett i høve helse og reproduksjon.[2]

Det nasjonale menneskerettsrådet vart skipa i 2008, men er ikkje sjølvstendig frå regimet.[2] Det vert styrt av ein tidlegare visepolitiinspektør og medlemene vert utpeikte av sultanen.[2]

Sidan byrjinga av «den omanske våren» i januar 2011, har det vorte rapportert om fleire alvorlege brot på borgarrettane, noko som har ført til ei alvorleg forverring av menneskerettssituasjonen.[2] Fengsla er ikkje tilgjengelege for uavhengig overvaking.[2] Medlemer av den sjølvstendige Omansk gruppe for menneskerettar har vorte plaga, arresterte og dømde til fengsel. Det har vore mange døme på tortur og inhumane straffeformer mot demonstrantar.[2]

Den omanske lovgjevingsmakta er det tokamra Omanrådet, som har eit øvre kammer, Statsrådet (Majlis ad-Dawlah) og eit nedre kammer, Rådgjevingsutvalet (Majlis ash-Shoura).[47] Politiske parti er bannlyste.[46] Det øvre kammeret har 71 medlemer, utpeikte av sultanen blant prominente omanarar, og har berre rådgjevande makt.[48] Dei 84 medlemene i Rådgjevingsutvalet vert valde av folket for 4-årsperiodar, men sultanen tek dei endelege avgjerdene og kan endre valresultata.[48] Medlemene vert utpeikte for 3-årsperiodar, som kan verte oppattnya ein gong.[47]

Menneskerettar[endre | endre wikiteksten]

Sultan Qaboos tolererer ikkje kritikk og omanske borgarar har få rettar.[49]

Bruken av tortur er utbreidd i omanske straffeanstaltar og har vorte den vanlegaste reaksjonen staten har mot sjølvstendig politisk undertrykking.[4][5] Torturmetodar som vert nytta i Oman er å la offeret tru at ein vert avretta, slag, tildekking av hovudet, isolat, utsetjing for ekstreme temperaturar og konstant støy, mishandling og audmjuking.[4] Det har vore mange rapportar om tortur og andre inhumane former for straff av omanske tryggingsstyrkar mot demonstrantar og varetektsfangar.[6] Fleire varetektsfangar i 2012 klaga på søvnmangel, ekstreme temperaturar og isolat.[50] Omanske styresmakter heldt Sultan al-Saadi i isolat, nekta han tilgang til advokaten og familien sin, og tvinga han til å gå med ein svart pose over hovudet når han drog frå cella si, inkludert når han skulle på do. Dei sa til han at familien hadde forlate han og bad om at han skulle verta fengsla.[50]

Den omanske regjeringa avgjer kven som kan verte journalist eller ikkje og dette løyvet kan trekkjast tilbake når som helst..[49] Sensur og sjølvsensur er ein konstant faktor.[49] Omanarane har avgrensa tilkome til politisk informasjon gjennom media.[6] Tilgang til nyhende og informasjon kan vere problematisk. Journalistar må nøye seg med nyhende som er samla av offisielle nyhendebyrå for somme saker.[49] Gjennom ein resolusjon frå sultanen, har staten no kontroll over media, frå bloggar til nettsider.[49] Omanarane kan ikkje halde folkemøte utan godkjenning frå staten.[49] Omanarar som ynskjer å skipe ein ikkje-statleg organisasjon av alle slag, treng ein lisens.[49] Staten gjer ikkje løyve til å danne sjølvstendige sivilsamfunnsameiningar.[6]

Lova forbyd kritikk av sultanen og staten i alle former og media.[49] Politiet i Oman treng ikkje ransakingsordre for å gå inn i heimane til folk.[49]

Med så mange restriksjonar har omanarane gått til uvanlege metodar for å uttrykkje syna sine.[49] Omanarane nyttar stundom esel til å uttrykkje misnøye, sidan politiet ikkje kan arrestere eit esel det står skrive ei politisk melding på sida av.[49]

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1970 har Oman fylgd ein moderat utanrikspolitikk og utvida dei diplomatiske tilhøva sine kraftig. Oman er av dei særs få arabiske landa som har hatt venskapsband til Iran.[51][52] WikiLeaks avslørte at Oman hjelpte til med å frigjere britiske sjømenn som var tekne til fange av den iranske marinen i 2007.[53]

Forsvaret[endre | endre wikiteksten]

Khareef-klasse korvetten «Al-Shamikh»

Den militære styrken til Oman talde 44 100 i 2006, inkludert 25 000 mann i hæren, 4 200 i marinen og 4 100 i luftvåpenet. Sultanen har òg 5 000 vakter, 1 000 i spesialstyrkane, 150 sjømenn i den kongelege yacht-flåten og 250 pilotar og bakkepersonell for den kongelege luftskvadronen. Oman har òg ein moderat stor paramilitær styrke på 4 400 mann.[54] Trass i relativt store utgifter til militæret, så har det gått seint å modernisere styrkane. Oman har relativt få stridsvogner.[54]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå regionar og guvernement i Oman.

Sultanatet er administrativt delt inn i elleve guvernement. Guvernementa er igjen delt inn i 60 wilayatar.[55][56]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Oman har ein relativt spreidd økonomi, men er avhengig av oljeeksport. Turisme er den snøggast aukande næringa i Oman. Andre inntektskjelder, som jordbruk og industri, er små i høve, og utgjer mindre enn 1 % av eksporten til landet. Diversifisering av økonomien er vorten prioritert av staten dei siste åra. Jordbruk, som ofte er sjølvbergingsjordbruk, produserer dadlar, lime, korn og grønsaker, men mindre enn 1 % av landet er oppdyrka, så Oman vil truleg alltid vere ein nettoimportør av mat.

Etter ein nedgang i oljeprisane i 1998, har Oman laga aktive planar om diversifisere økonomien og leggje større vekt på andre næringar, som turisme og infrastruktur. Metkore Alloys skal byggje eit smelteverk med kapasitet på 1 650 000 tonn i året av ferrokrom i ei investering på 80 millionar USD.[57]

Ei omansk frihandelsavtale med USA vart gjeldande i januar 2009, og fjerna tollhindringar på alle varer og industriprodukt, og gav eit sterkt vern av utanlandske investeringar i Oman.[58] Turisme er ei anna aukande inntektskjelde for Oman.[59] Ei populær hending er Khareef-festivalen i Salalah i Dhofar, som ligg 1 200 km frå hovudstaden Muscat og går føre seg under monsuntida. Denne liknar på Muscat-festivalen.[60]

Utanlandske arbeidarar i Oman sender i alt 30 milliardar USD til heimlanda sine i Asia og Afrika, og meir enn helvta av det dei tener mindre enn 400 USD i månaden.[61] Det største utanlandske samfunnet kjem frå dei sørindiske statane Kerala, Tamil Nadu og Karnataka eller frå Maharashtra, Gujarat og Punjab,[62] og står for meir enn halve arbeids-styrken i Oman. Løna til dei utanlandske arbeidarane er kjende å vere mindre enn for omanarane, men likevel to til fem gonger høgare enn tilsvarande jobb i India.[61] Oman Ferries Company driv to dieseldrivne hurtigferjer - Shinas og Hormouz. Ferjene vert nytta til reiser mellom Muscat og Khasab. Khasab ligg strategisk til i Musandam på sørenden av Hormuzsundet og vert kontrollert av Oman. Sjølve Oman er skild frå Musandam av ei smal stripe av Dei sameinte arabiske emirata.

Olje og gass[endre | endre wikiteksten]

Petrokjemiske tankar i Sohar.

Oman har petroleumsreservar som tilsvarar kring 5,5 milliardar fat, det 25. største i verda.[51] Olja vert utvunnen og foredla av Petroleum Development Oman (PDO), men oljeproduksjonen har falle noko dei siste åra.[63][64] Olje- og gassdepartementet i Oman er ansvarleg for alle olje- og gassprosjekt i Oman.[65]

Mellom 2000 og 2007 fall produksjonen med meir enn 26 %, frå 972 000 til 714 800 fat per dag.[66] Produksjonen auka til 816 000 fat i 2009 og 930 000 fat per dag i 2012.[66] Naturgassreservane i Oman er estimert til 849,5 milliardar kubikkmeter, rangert som 28. i verda, og produksjonen i 2008 var kring 24 milliardar kubikkmeter i året.[51]

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Turismen har auka mykje i Oman dei siste åra, og er venta å verte ein av dei største næringane i landet.[67]

Oman har noko av den mest varierte naturen i Midtausten med ulike turistmål og er særleg kjend for kulturell turisme.[59][68] Hovudstaden i Oman vart kåra til den nest beste byen å vitje i verda i 2012 av reiseguiden Lonely Planet.[69] Muscat vart òg vald til arabisk turisthovudstad i 2012.[70]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I 2014 hadde Oman over 4 millionar innbyggjarar, med 2,23 millionar omanske nasjonale og 1,76 millionar utlendingar.[71] Den totale fødselsraten var estimert til 3,70.[72] Oman har ein særs ung folkesetnad og 43 % av innbyggjarane er yngre enn 15 år. Nesten helvta av innbyggjarane bur i Muscat og Batinah-kystsletta nordvest for hovudstaden. Omanarane er hovudsakleg arabarar, balutsjar, sørasiatar (indarar, pakistanarar, srilankarar, bangladesharar), og afrikanske folkegrupper.[51]

Det omanske samfunnet er stort sett stammebasert[73][74][75] og omfattar tre store identitetar:[73] stammeidentiteten, ibadi-trua og maritim handel.[73] Dei fyrste to er nært knytte til tradisjon og er særleg dominerande i det indre av landet, på grunn av lengre periodar med isolasjon.[73] Den tredje identiteten gjeld hovudsakleg Muscat og kystområda av Oman og vert reflektert i forretningar, handel,[73] og det varierte opphavet til mange omanarar, som kan spore røtene sine attende til Balutsjistan, Al-Lawati, Persia og det historiske omanske Zanzibar.[76] Den tredje identiteten er generelt rekna for å vere meir open og tolerant mot andre,[73] og er ofte i strid med meir tradisjonelle identitetar i dei indre områda.[73]

Religion[endre | endre wikiteksten]

Den omanske staten fører ikkje statistikk over religiøs tilknyting, men praktisk talt alle omanarar er muslimar, og nesten helvta fylgjer ibadi-retninga i islam,[51] som ligg tett inntil vanleg sunniislam. Det er det einaste attverande uttrykket for kharijisme, som vart skapt som fylgje av ein av dei fyrste skisma i religionen.[77] Historisk sett har ibadi vore ein av dei større omanske, religiøse sektene og sultanen er medlem av ibadi-samfunnet.

Nesten alle ikkje-muslimar er utanlandske arbeidarar. Ikkje-muslimske religiøse samfunn er mellom andre hinduar, jainarar, buddhistar, parsistar, sikhar, baha'istar og kristne. Kristne samfunn finst i dei store byane Muscat, Sohar og Salalah.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Arabisk er det offisielle språket i Oman. Balutsji (sørbalutsji) vert òg mykje tala i Oman.[78] Utryddingstruga språk i Oman er mellom andre kumzari, bathari, harusi, hobyot, sheri og mehri.[79] Omansk teiknspråk vert nytta av døve. Oman var av dei fyrste arabiske landa i Persiabukta som hadde tysk som tredjespråk på skulen.[80]

Ifylgje CIA er dei vanlegaste språka som vert tala i Oman, utanom arabisk, engelsk, balutsji (sørbalutsji), urdu og ulike indiske dialektar.[51] Engelsk vert mykje nytta i forretnings-livet og vert lært på skulen frå tidleg alder. Nesten alle skilt finst både på arabisk og engelsk.[59] Balutsji er morsmålet til balutsjar frå Balutsjistan vest i Pakistan, aust i Iran, og sør i Afghanistan. Det vert òg nytta av somme etterkomarar av sindhi-sjøfolk.[81] Mange talar òg urdu på grunn av stor innvandring frå Pakistan seint i 1980- og tidleg i 1990-åra. I tillegg vert det tala bantu swahili på grunn av det historiske sambandet mellom Oman og Zanzibar.[1]

Største byar[endre | endre wikiteksten]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ein tradisjonell dhow, eit symbol på Oman.[83]

Utanfrå deler Oman mange av dei kulturelle særprega som dei arabiske grannane sine, særleg dei i Golfrådet.[77] Trass i desse likskapane er det viktige faktorar som gjer Oman unik i Midtausten.[77] Dette kjem like mykje frå geografi og historie som frå kultur og økonomi.[77] Den relativt nylege og kunstige karakteren til staten i Oman gjer det vanskeleg å skildre ein nasjonalkultur;[77] men det finst visse kulturelle likskapar innanfor landegrensene, som skil Oman frå resten av dei arabiske landa kring Persiabukta.[77] Det kulturelle mangfaldet er større i Oman enn i dei arabiske grannelanda, på grunn av den historiske utvidinga til Swahili-kysten og Indiahavet.[77]

Oman har ein lang tradisjon med skipsbygging, og sjøreiser spelte ei viktig rolle i Oman si evne til å halde kontakt med sivilisasjonar i oldtida. Sur var ein av dei mest kjende skipsbyggarbyane i Indiahavet. Al Ghanja-skipa tek det eit heilt år å byggje. Andre typar omanske skip er As Sunbouq og Al Badan.[84]

Klede[endre | endre wikiteksten]

Det mannlege nasjonalantrekket i Oman består av ein dishdasha, ein enkel, ankelsid kjole utan krage og med lange erme.[85] Jamnast er han kvit, men kan òg kome i andre farger. Den viktigaste utsmykkinga, ein dusk (furakha) er sydd inn i halsringen, og kan sprayast med parfyme.[86] I formelle situasjonar kan ein dekkje dishdashaen med ei svart eller beige kappe kalla ein bisht. Den broderte kanten av kappa er ofte i sylv- eller gulltråd og har intrikate detaljar.[86]

Ein khanjar, ein tradisjonell dolk frå Oman (ca. 1924).

Khanjar (dolk) høyrer til nasjonaldrakta og menn går med dolken i alle formelle høve og festivalar.[85] Han vert tradisjonelt fest til livet. Slira kan vere enkel eller pynta med sylv eller gull.[86] Han er eit symbol på opphavet, manndomen og motet til mannen. Ein khanjar er avbilda på det omanske flagget.[85]

Omanske kvinner går med iaugefallande nasjonaldrakter med særprega regionale variasjonar. Alle draktene har livlege farger og broderi og dekorasjonar. Tidlegare viste fargene til stammetradisjonane.[87] Kvinner går med hijab, og sjølv om somme kvinner dekkjer til andlet og hender, gjer ikkje dei fleste det. Sultanen har forbode å dekkje til andletet i offentlege kontor.[83]

Musikk og kino[endre | endre wikiteksten]

Omansk musikk er særs variert på grunn av historia til Oman. Det finst over 130 ulike former for tradisjonelle omanske songar og dansar. Det omanske senteret for tradisjonell musikk vart skipa i 1984 for å ta vare på dei.[88] I 1985 skipa sultan Qaboos Det kongelege omanske symfoniorkesteret. I staden for å hyre utanlandske musikarar, valde han berre å berre omanarar i orkesteret.[89] 1. juli 1987 heldt symfoniorkesteret den fyrste konserten sin ved Al Bustan Palace Hotel.[90]

Omansk filmindustri er særs liten, og fram til 2007 var det berre vorte laga éin omansk film, Al-Boom (2006).

Media[endre | endre wikiteksten]

Sultanate of Oman Television byrja dei fyrste sendingane sine frå Muscat den 17. november 1974 og separat frå Salalah den 25. november 1975. Den 1. juni 1979 vart dei to kanalane i Muscat og Salalah knytte til satellittar for å samle kringkastingstenesta. På grunn av dei mange fjella i landet, vart det bygd ut eit nettverk av stasjonar slik at dei omanske TV-sendingane kunne nå heile landet.[91]

Mat[endre | endre wikiteksten]

Det omanske kjøkenet er variert og påverka av mange kulturar. Omanarane et vanlegvis hovudmåltidet sitt midt på dagen, medan kveldsmåltidet er lettare. Under ramadan vert det servert middag etter taraweeh-bønene, stundom så seint som 11 om kvelden, men middagstidene varierer frå familie til familie.

Arsia er eit festmåltid som vert servert under feiringar, og har most ris og kjøt (stundom kylling). Eit anna populært festmåltid er shuwa som er kjøt som er steikt særs langsamt (stundom i opp til to dagar) i ein underjordisk leiromn. Kjøtet vert særs møyrt og fylt med krydder og urter før steikinga for å gjer det ein spesiell smak. Fisk vert òg ofte brukt i hovudrettene, og kjempetrevally er ein populær ingrediens. Mashuai er ein rett som består av heilgrilla kjempetrevally servert med sitronris.

Rukhal-brød er eit tynt, rundt brød som opphavleg vert steikt over ein eld laga av palmeblad. Det vert ete til alle måltid, ofte med omansk honning til frukost eller smuldra over ein curry til middag. Kylling, fisk og lam eller får vert nytta i dei fleste rettene. Omansk halwa er ein særs populær søtsak, som hovudsakleg er laga av rasukker og nøtter. Det finst mange smakar og ein av dei mest populære er svart halwa (den originale) og safranhalwa. Halwa vert rekna som eit symbol på omansk gjestfridom og vert tradisjonelt servert med kaffi.

Som i dei fleste landa kring Persiabukta, er alkohol berre tilgjengeleg for ikkje-muslimar, og alkohol vert seld ved mange hotel og nokre få restaurantar.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Oman var vertsland for Golfcupen i 2009.

Fotball er den mest populære idretten i landet. I 2009 var landet vertskap for Golfcupen i fotball, som det omanske landslaget vann. Andre populære idrettar er handball, basketball, rugby, hockey, volleyball, friidrett, symjing og tennis.

Oman er i lag med Fujairah i Dei sameinte arabiske emirata dei einaste regionane i Midtausten som har ein variant av tyrefekting.[92] Al-Batena-området i Oman er særleg kjent for tyrefektinga, som involverer to oksar som stangar mot kvarandre. Den fyrste som kollapsar eller gjer seg taper. Dei fleste oksekampane er korte og varer jamnast mindre enn fem minutt.[92][93] Opphavet til oksekampane i Oman er ukjent, men mange lokale meiner det kom til Oman av maurarar av spansk opphav, eller via Portugal, som koloniserte den omanske kystlina i nesten to hundreår.[94]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Lesekunna for vaksne i 2010 var 86,9 %.[95] Før 1970 var det berre tre formelle skular i heile landet, og færre enn tusen studentar. Etter at sultan Qaboos kom til makta i 1970 har staten prioritert utdanning for å utvikle ein eigen arbeidsstyrke. I dag er det over tusen statlege skular og kring 650 000 elevar.

Det fyrste omanske universitetet, Sultan Qaboos universitet, opna i 1986. Universitetet i Nizwa er eit av dei raskast veksande universiteta i Oman.

Ifylgje Webometrics Ranking of World Universities, er det øvst rangerte universitetet i landet Sultan Qaboos universitetet (1678. plass i verda), Dhofar universitet (6011. plass) og Universitetet i Nizwa (6093. plass).[96]

Helse[endre | endre wikiteksten]

Venta levealder i Oman var 76,1 år i 2010.[72] I 2010 var det estimert at det var 2,1 lækjarar og 2,1 sjukehussenger per 1000 innbyggjarar.[72] I 1993 hadde 89 % av folkesetnaden tilgang til helsetenester, og i 2000 var talet auka til 99 %. Det er gjort store utbetringar i omansk helsevesen dei siste tre tiåra.[97]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kharusi, N. S. (2012). «The ethnic label Zinjibari: Politics and language choice implications among Swahili speakers in Oman». Ethnicities 12 (3): 335. doi:10.1177/1468796811432681. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 2,12 2,13 2,14 2,15 2,16 «Country Report: Oman». BTI Project. 2012. Arkivert frå originalen 28. desember 2014. Henta 2. juni 2016. 
  3. «Arab uprising: Country by country - Oman». BBC News. 2013. Henta 2. juni 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Torture in Oman». Gulf Center for Human Rights. 2014. Henta 2. juni 2016. 
  5. 5,0 5,1 «Torture in Oman». Gulf Center for Human Rights. 2014. Henta 2. juni 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 «Country Report: Oman». BTI Project. 2014. Arkivert frå originalen 28. desember 2014. Henta 2. juni 2016. 
  7. 7,0 7,1 «Oman profile – Overview». BBC News. 11. september 2012. Henta 31. mai 2016. 
  8. «Private sector gets Omanisation targets». Gulf News. 13. februar 2011. Henta 31. mai 2016. 
  9. «Five Arab states among top leaders in long-term development gains». Hdr.undp.org. 4. november 2010. Arkivert frå originalen 9. november 2013. Henta 2. juni 2016. 
  10. «2010 Failed States Index – Interactive Map and Rankings». Foreign Policy. Henta 2. juni 2016. 
  11. Rose, J. I.; Usik, V. I.; Marks, A. E.; Hilbert, Y. H.; Galletti, C. S.; Parton, A.; Geiling, J. M.; Černý, V.; Morley, M. W.; Roberts, R. G. (2011). «The Nubian Complex of Dhofar, Oman: An African Middle Neolithic Industry in Sør-Arabia». PLoS ONE 6 (11): e28239. PMID 22140561. doi:10.1371/journal.pone.0028239. 
  12. «About Oman». Pmoman.org. Arkivert frå originalen 3. august 2016. Henta 2. juni 2016. 
  13. «Digging in the Land of Magan – Archaeology Magazine Archive». Archive.archaeology.org. Henta 2. juni 2016. 
  14. «Oman: The Lost Land». Saudi Aramco World. March 1983. Henta 2. juni 2016. 
  15. «Oman: A History». Saudi Aramco World. March 1983. Henta 2. juni 2016. 
  16. Feuerstein, Georg; Kak, Subhash; Frawley, David (2005). The Search of the Cradle of Civilization: New Light on Ancient India. Motilal Banarsidass Publisher. s. 119. ISBN 8120820371. 
  17. «History of OMAN». Historyworld.net. Henta 2. juni 2016. 
  18. «Oman». United States Department of State. 31. mars 2010. Henta 2. juni 2016. 
  19. Holt, Peter Malcolm; Lambton, Ann K. S. and Lewis, Bernard (1977) The Cambridge history of islam, Cambridge University Press, ISBN 0521291364.
  20. Oman History, omansultanate.com
  21. Cowasjee, Ardeshir (11. september 2005). «DAWN – Cowasjee Corner; September 11, 2005». DAWN Group of Newspapers. Arkivert frå originalen 9. juni 2010. Henta 2. juni 2016. 
  22. 22,0 22,1 22,2 Meagher, John. «The Jebel Akhdar-krigen Oman 1954–1959». Global Security. Henta 9. april 2012. 
  23. 23,0 23,1 23,2 «Jebel Akhdar». Britain's Small Wars. Arkivert frå originalen 17. september 2013. Henta 10. april 2012. 
  24. Peterson, John E. (1978). Oman in the Twentieth Century: Political Foundations of an Emerging State. Croom Helm. s. 182. ISBN 9780856646294. 
  25. 25,0 25,1 Ryan, Mike (2003). Secret Operations of the Sas. Zenith Imprint. s. 68–70. [daud lenkje]
  26. 26,0 26,1 26,2 Owtram, Francis (2004). A Modern History of Oman: Formation of the State since 1920. I.B.Tauris. s. 106. 
  27. Nicolin, Beatrice (25. mai 1998). «International trade networks: The Omani Enclave of Gwadar – Conference on German and International Research on Oman, Bonn 1998: abstracts». Bonn: Conference on German and International Research on Oman. Henta 2. juni 2016. 
  28. «Happy and rich in an Omani toytown». The Economist. 31. august 2000. 
  29. «Oman appoints first female minister». BBC News. 4. mars 2003.
  30. «Oman profile – Timeline». BBC News. 11. september 2012. Henta 31. mai 2016. 
  31. 31,0 31,1 Krogh, Jan S. «Oman». jankrogh.com. 
  32. «Dei sameinte arabiske emirata». 
  33. 4th Swiss Geoscience Meeting, Bern 2006. Meteorite accumulation surfaces in Oman: Main results of. Omani-Swiss meteoritt search campaigns, 2001–2006. by Beda Hofmann et al.
  34. «Oman – Country Pasture/Forage Resource Profiles». Food and Agriculture Organization. 
  35. «Weather – Oman». BBC. 
  36. Snow blankets Oman’s mountains as temperatures drop. Gulf News. (16. februar 2014). Henta 20. april 2014.
  37. «UNESCO World Heritage Center – Oman's arabisk oryx Sanctuary : first site ever to be deleted from UNESCO's World Heritage List». UNESCO. Henta 2. juni 2016. 
  38. Hermenegildo Seisdedos. ONSS Oman National Spatial Strategy Arkivert 2016-07-29 ved Wayback Machine.. freiland.at
  39. Animal Tragedy Arkivert 2016-05-29 ved Wayback Machine.. y-oman.com. 20. oktober 2015.
  40. Macdonald, Sarah (22. mars 2014) Strays on streets a growing issue for Oman Arkivert 2015-01-12 ved Wayback Machine.. Times of Oman
  41. Captive Creatures Arkivert 2016-06-30 ved Wayback Machine.. y-oman.com. 21. november 2013
  42. «Q&A: Elections to Oman's Rådgjevingsutvalet». BBC News. 
  43. «Oman». Freedom House. Henta 31. mai 2016. 
  44. «OMAN Majles A'Shura (Rådgjevingsutvalet)». Inter-Parliamentary Union. 
  45. «Oman». Freedom in the World 2012. Freedom House. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 2. juni 2016. 
  46. 46,0 46,1 «Waking up too». The Economist. 23. juni 2012. 
  47. 47,0 47,1 «Country Profiles (Legislature) – Oman». Arab Parliaments. Arkivert frå originalen 5. juni 2012. 
  48. 48,0 48,1 «Legislative Branch». The World Factbook. Arkivert frå originalen 11. oktober 2017. Henta 2. juni 2016. 
  49. 49,00 49,01 49,02 49,03 49,04 49,05 49,06 49,07 49,08 49,09 49,10 Whitaker, Brian (2011). «Oman's Sultan Qaboos: a classy despot». The Guardian. Henta 2. juni 2016. 
  50. 50,0 50,1 Whitaker, Brian (2011). «Oman's Sultan Qaboos: a classy despot». The Guardian. Henta 2. juni 2016. 
  51. 51,0 51,1 51,2 51,3 51,4 51,5 «Oman». CIA – The World Factbook. Arkivert frå originalen 4. januar 2019. Henta 2. juni 2016. 
  52. «Oman: A Unique Foreign Policy». RAND. Henta 2. juni 2016. 
  53. «The view from the Gulf: America's quiet go-between speaks». Fox News Channel. 31. januar 2012. 
  54. 54,0 54,1 Anthony H. Cordesman; Khalid R. Al-Rodhan (28. juni 2006). «The Gulf Military Forces in an Era of Asymmetric War» (PDF). Center for Strategic and International Studies. Arkivert frå originalen (PDF) 17. mai 2013. Henta 2. juni 2016. 
  55. «About Oman». National Center for Statistics & Information. Arkivert frå originalen 31. juli 2013. 
  56. «guvernements of sultanat Of Oman». Ministry of Information, sultanatet Oman. Arkivert frå originalen 8. desember 2013. Henta 2. juni 2016. 
  57. «Metkore Alloys to invest $80 m in Oman plant». 11. juni 2012. 
  58. Chemical & Engineering News, 5. januar 2009, «U.S.-Oman pact expands Free Trade», s. 18
  59. 59,0 59,1 59,2 Kharusi, N. S.; Salman, A. (September 2011). «The English Transliteration of Place Names in Oman». Journal of Academic and Applied Studies 1 (3): 1–27. 
  60. «Arabia Tourism». Arkivert frå originalen 29. april 2011. 
  61. 61,0 61,1 «Indian migrant workers in Oman speak to the WSWS». Wsws.org. Henta 2. juni 2016. 
  62. «Antony meets Indian diaspora in Oman». Thaindian.com. 18. mai 2010. Arkivert frå originalen 12. juni 2016. Henta 2. juni 2016. 
  63. «Oman: proven oil reserves». Indexmundi.com. Henta 2. juni 2016. 
  64. «Oman: Energy data». EIA. Arkivert frå originalen 2. mars 2011. Henta 16. februar 2009. 
  65. «Home». Ministry of Oil and Gas. Arkivert frå originalen 11. august 2013. Henta 2. juni 2016. 
  66. 66,0 66,1 «Oman the comeback kid of oil». The National. 9. september 2012. 
  67. «Travel & Leisure Market Research Reports and Industry Analysis». Marketresearch.com. Henta 2. juni 2016. 
  68. Thomas, Babu. «Culture in Oman, Tourism». Omanet.om. Arkivert frå originalen 25. juni 2013. Henta 2. juni 2016. 
  69. I'Anson, Richard (7. juni 2012). «Lonely Planet’s Best in Travel: top 10 cities for 2012 - travel tips and articles». Lonely Planet. Henta 2. juni 2016. 
  70. Postings of opinions published in the Gulf and international newspapers Arkivert 2014-12-30 ved Wayback Machine.. gulfinthemedia.com
  71. Andy Sambidge. «Oman's population passes 4 million mark». Arabian Business. 
  72. 72,0 72,1 72,2 «Major Economic & Social Indicators» (PDF). National Center for Statistics & Information. Arkivert frå originalen (PDF) 14. mai 2014. Henta 2. juni 2016. 
  73. 73,0 73,1 73,2 73,3 73,4 73,5 73,6 Khalid M. Al-Azri (2013). «Social and Gender Inequality in Oman: The Power of Religious and Political Tradition». s. 40. ISBN 1138816795. 
  74. Judith Miller (1997). «Creating Modern Oman: An Interview with Sultan Qabus». Foreign Affairs. Henta 2. juni 2016. 
  75. Sulaiman al-Farsi (2013). «Democracy and Youth in the Middle East: islam, Tribalism and the Rentier State in Oman». s. 170–197. ISBN 1780760906. 
  76. al Shaibany, Saleh (4. august 2010). «Omanis flocking to Zanzibar, their ancestral home». The National. Henta 2. juni 2016. 
  77. 77,0 77,1 77,2 77,3 77,4 77,5 77,6 Common, Richard K. «Barriers To Developing ‘Leadership' In The sultanat Of Oman» (PDF). International Journal Of Leadership Studies. 
  78. «Basic Information on Oman». Oman News Agency. Arkivert frå originalen 5. desember 2013. 
  79. «Interactive Atlas of the World's Languages in Danger». UNESCO. 
    Khojki og zidjali er òg blitt rapportert, men khojki er eit alfabet, ikkje eit språk, og zidjali er ein dialekt av sørbalutsji.
  80. «Oman first Gulf state to have German taught as second language». Al Arabiya. 
  81. Salman, Amel; Kharusi, Nafla S. (May 2012). «The Sound System of Lawatiyya». Journal of Academic and Applied Studies 2 (5): 36–44. Arkivert frå originalen 30. juni 2017. Henta 2. juni 2016. 
  82. http://www.geonames.org/OM/largest-cities-in-oman.html
  83. 83,0 83,1 «Culture of Oman». sultanatet Oman. 
  84. «The Ship Building Industry». Ministry of Tourism, sultanatet Oman. [daud lenkje]
  85. 85,0 85,1 85,2 «Tourism». The Consulate General of the sultanatet Oman – Australia. [daud lenkje]
  86. 86,0 86,1 86,2 «Culture». Omani Students Society. Arkivert frå originalen 23. juni 2017. Henta 2. juni 2016. 
  87. «Women's Traditional Clothing». Oman Cultural Days Exhibition. Arkivert frå originalen 2. juni 2016. 
  88. «Introduction». Oman Centre for Traditional Music. Arkivert frå originalen 15. mars 2013. Henta 2. juni 2016. 
  89. «The Royal Oman Symphony Orchestra». Oman Tours. 
  90. «The Royal Oman Symphony Orchestra». Oman Observer. 9. november 2010. Arkivert frå originalen 7. mai 2013. 
  91. «Introduction». sultanatet Oman TV Site. Arkivert frå originalen 18. januar 2013. Henta 2. juni 2016. 
  92. 92,0 92,1 «Bullfighting à la Batinah». Rough Guides. 
  93. Osborne, Chrisitne. «Bullfighting: Omani Style». Travels With My Hat. 
  94. «Serving Mangaloreans Around The World!». Mangalorean.Com. 1. mai 2005. Arkivert frå originalen 1. oktober 2011. Henta 2. juni 2016. 
  95. «National adult literacy rates (15+), youth literacy rates (15–24) and elderly literacy rates (65+)». UNESCO Institute for Statistics. 
  96. «Oman». Ranking Web of Universities. Arkivert frå originalen 21. februar 2014. Henta 26. februar 2013. 
  97. «World Health Organization Assesses the World's Health Systems». World Health Organization. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Oman
Reiseguide for Oman frå Wikivoyage