Telegramadresse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telegram

Telegramadresse er ei adresse berekna på eit telegram eller ei melding på fjernskrivar. Telegramadressa inneheld namn på mottakaren og ein kommunikasjonskode, postadressa og adressaten sitt registrerte kortnamn.

Kortnamnet skal vere lett leseleg og bestå av ikkje meir enn ti bokstavar og ein referanse til det selskapet kor telegramadressa er registrert. For eksempel, i staden for full adresse og namnet på adressaten, kan det vere eit lett kjenneleg ord. Namn på byar, elver eller jernbanestasjonar er ikkje tillatne, heller ikkje ord som kan oppfattast som reklame.

I Noreg fanst Telegram Adressebok for Norge.

Døme på kortnamn[endre | endre wikiteksten]

  • «PET» var telegramadressa til «M. Peterson & Søn (Celullosen)» i Moss.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Telegrafen endret samfunnet. Dagsavisen. Vitja 2019-11-05. «M. Peterson & Søn (Celullosen) hadde PET som telegramadresse i Moss.»