Teletubbies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Teletubbiene)
Teletubbiene

Typefjernsynsserie
OriginaltittelTeletubbies
SjangerBarne-TV
OpphavslandStorbritannia
ProduksjonslandStorbritannia
Sesongar9
Episodar485
Lengd25 minutt (original series)
15 minutt (revival series)
SpråkEngelsk
SkaparAnne Wood
Andrew Davenport
Periode31. mars 1997
16. februar 2001
KanalBBC

Teletubbiene (originaltittel: Teletubbies) er ein britisk barne-tv-serie produsert for BBC av Ragdoll Productions. Hovudpersonane er «Teletubbiar», ei slags blanding av smårollingar og romvesen, som bur i eit graslandskap med blå himmel og ei sol med talande andlet over. Serien blei først send i Storbritannia påska 1997. Han er sidan blitt send i 120 land og omsett til 45 språk.

Personar[endre | endre wikiteksten]

«Teletubbiane» er fire godslege figurar med barneaktige fjes, einsfarga kroppar, antennar på hovuda og skjermar på magane: Tinky Winky (lilla), Dipsy (grøn), Laa-Laa (gul), og Po (raud).

Sola har ein sentral del i historiene, som ei slags kommentar til det som skjer ved at babyandletet i sola blir overraska, skvett, ler og så vidare.

I tillegg til teletubbiane finst det kaninar, snakkande blomar og vindmøller og periskopaktige høgttalarar som stikk opp av bakken. Maskinar som støvsugaren Noo-noo er og del av miljøet.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Ein typisk episode startar med at eit oversyn over Tubbieland, og at baby-sola står opp. Så kjem dei fire tubbiane opp av eit hòl i bakken og teljar etterkvart som dei kjem opp. Når den siste tubbien er oppe og har sagt «fire!», lauper dei mot tubbiehuset samstundes som høgttalarar kjem opp av bakken og kunngjer at det er «tid for teletubbiane». Etter ein aktivitet som hopping, dansing eller eting signaliserer vindmølla at det er tid for film. Då lauper alle fire opp til vindmølla og ser på mageskjermane sine der ein av dei har dagens film. Filmen er som regel eit besøk hos born som leiker, teiknar eller høyrer på ei forteljing. Etter dette gjer teletubbiane noko anna før dagen er over, sola går ned og tubbiane lauper for å gøyme seg. Før episoden er ferdig blir det sagt «hadet» fleire gonger, før dei ein og ein hoppar tilbake i hòlet dei kom opp frå.

Pedagogikk[endre | endre wikiteksten]

Serien om teletubbiane blei utvikla med tanke på småbarn. Den kognitive psykologen Andrew Davenport hjelpte til med ei utforming av rekvisittar og episodar som ville appellera til småbarn. Teletubbiane har mellom anna liknande kroppsform, åtferd og språk som dei. Serien har mykje repetisjon og tydeleg uttrykking av kjensler.

Serien blei svært populær blant barn, men fekk også kritikk. Mange meinte at det enkle barnespråket teletubbiane brukte ville gjera at barna som såg på dei ville læra seg liknande dårleg språk. Det blei også hevda, til dømes av den amerikanske tv-predikanten Jerry Falwell, at Tinky Winky var eit skjult symbol på homofili fordi han bar «homofile symbol» – han var lilla og hadde ein lilla trekant på hovudet. BBC avviste påstanden, og Ken Viselman frå Itsy-Bitsy Entertainment, distributørane av tv-serien i USA, sa: «Han er ikkje homofil. Han er ikkje heterofil. Han er berre ein figur i ein barneserie.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Marwan Kraidy (2005). Hybridity, Or the Cultural Logic of Globalization. s. 106–107. ISBN 9781592131440. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]