Lilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lilla
Color icon violet.svg
Spektrale koordinatar
Bølgjelengd380–450 nm
Frekvens790–666 THz
sRGBB  (rgb)(128, 0, 255)
CMYKH   (c, m, y, k)(50, 100, 0, 0)
HSV       (h, s, v)(270°, 100%, 100%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)

Lilla er ein farge som inngår i fargespekteret. I vitskaplege samanhenger vert ordet fiolett bruka om lys med ei viss bølgelengd, medan lilla vert bruka om om alle blandingar mellom raude og blå bølgelengder. Den fiolette delen av spekteret er frå 380 til 430 nanometer, og er dermed detmest kortbølga lyset menneskeauga kan oppfatte. Lys med bølgelengder kortare enn 380 nm er usynleg og vert kalla ultrafiolett stråling. I regnbogen er fiolett det inste av fargebanda.

Blomstrende syrinbusk (Syringa vulgaris)

Fargelære[endre | endre wikiteksten]

Ved subtraktiv fargeblanding, som for eksempel når ein blandar måling, får ein lilla farge ved å blande raudt og blått.

Fiolett utgjer ei utfordring for TV- og PC-skjermar som brukar RGB-systemet for fargegjengiving, sidan skjermen ikkje vutståler lys med så kort bølgelengd (den kortaste er blå). Alle forekomstar av fiolett må derfor byttast ut med lilla.

I estetikken er lilla rekna til dei kalde fargane.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

I liturgisk samanheng vert fiolett bruka i samband med sorg og bot.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Lilla er lånt gjennom det franske ordet lilas frå arabisk lilac, som tyder syrin.[1] Ordet fiolett er lånt frå fransk. [2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]