Temštica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Temštica
elv
Rekata.jpg
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Wikimedia Commons: Temštica

Temštica (serbisk Темштица) er ei elv i Serbia og ei sideelv til Nišava frå høgre. Temštica sjølv er ikkje særleg leng, men tar imot ei mykje lenger sideelv, Visočica som kjem frå Bulgaria. Systemet Visočica-Temštica er 86 km langt.

Temštica eller Toplodoska reka (Топлодолска река) spring ut frå fem kjelder i Balkanfjella nær grensa mellom Serbia og Bulgaria. Visočica (bulgarsk og serbisk Височица) er 71 km alng og spring ut frå fjellet Berkovska planina i Bulgaria, berre få kilometer frå grensa til Serbia.

I 1963 førte eit stort jordras til at Visočica vart demd opp og landsbyen Zavoj vart lagt under vatn. Den naturlege innsjøen vart fjerna for vatn og demninga vart forsterka, slik at den kunstige Zavojsjøen vart skapt. Innsjøen vert nytta av eit vasskraftverk.

Den siste 15 km lange biten av elva etter munningen til Visočica vert kalla Temska (Темска). Elva munnar ut i Nišava nordvest for byen Pirot.

Temštica drenerer eit område på 820 km² og nedslagsfeltet hennar høyrer til Svartehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]