Teodor Andrzej Potocki
Teodor Andrzej Potocki (1664–1738) var ein polsk adelsmann (szlachcic), polsk primas, interrex i 1733.
Teodor var sokneprest i Przemyśl og kanon i Kraków frå 1687, biskop i Chełmno frå 1699 og biskop i Warmia frå 1711. I 1722 vart Teodor erkebiskop i Gniezno og primas i Polen.
Han vart interrex etter August II av Polen døydde og leia valet av ein ny konge i Wola. I 1733 erklærte han og krona Stanisław I Leszczyński som etterfølgjar av August II til den polske trona. Han støtta Leszczyński i den påfølgjande polske arvefølgjekrigen.
Teodor verna jesuittordenen og velgjerar for kyrkjer, kloster og slott.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Teodor Andrzej Potocki» frå Wikipedia på engelsk, den 23. april 2012.
|