Teodor Leszetycki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teodor Leszetycki

Statsborgarskap Polen, Det russiske imperiet
Fødd 22. juni 1830
Łańcut, Kraków
Død

14. november 1915 (85 år)
Dresden, Wien

Yrke pianist, komponist, musikkforskar, musikkpedagog, universitetslærar
Språk polsk
Ektefelle Anna Yesipova
Teodor Leszetycki på Commons

Teodor Leszetycki, sjølv germaniserte han namnet til Theodor Leschetizky, (22. juni 183014. november 1915) var ein polsk-austerriksk pianist og musikkpedagog. Leschetizky studerte mellom anna hos Carl Czerny i Wien og var ved sida av Franz Liszt den fremste klaverlæraren på 1800-talet.

I 1854 reiste han til St. Petersburg og grunnla i 1862 der konservatoriet i byen saman med Anton Rubinstein. Saman med Nikolaj Rubinstein blir Leszetycki rekna som grunnleggar av den såkalla russiske klaverskolen.

Kjende elevar av Leszetycki var Ignaz Friedman, Ignacy Paderewski, Franz Schmidt, Arthur Schnabel og Vasilij Safonov. Leszetycki hadde ein romantisk spelestil som er dokumentert på eit par pianorullar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

begge frå den 21. november 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]