Tepperot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tepperot
Tepperot
Tepperot
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Stamme: Potentilleae
Understamme: Potentillinae
Slekt: Mure Potentilla
Art: Tepperot P. erecta
Vitskapleg namn
Potentilla erecta

Tepperot er ei plante i rosefamilien som er utbreidd i Europa og Asia. Ho er vanleg på næringsfattig grunn over det meste av Noreg, men sjeldnare lengst i nord. På Hardangervidda er tepperota funnen opp til 1320 moh.

Botanisk illustrasjon av tepperot.

Planta har ein tjukk klumpete jordstengel med granne stenglar og 3-kopla blad. Stengelblad om lag utan hår. Fire kronblad, litt lengre enn begerblada, nedst med mørkgul flekk. Blomstringstida omkring juni.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.