Terje Håkonsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Håkonsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. oktober 1974 (48 år)
Vinje
Idrett snøbrettkøyring

Terje Håkonsen (fødd 11. oktober 1974) er ein norsk profesjonell snøbrettkøyrar.

Håkonsen dominerte fristilkøyring i 1990-åra, og vann verdsmeisterskapen i halfpipe tre gonger på rad, i 1993, 1995 og 1997. Han har også vunne fem europameisterskapar i halfpipe (1991, 1992, 1993, 1994, 1997) og den opne amerikanske meisterskapen i halfpipe tre gonger (1992, 1993 og 1995).

Då halfpipe vart introdusert som olympisk øving under Vinter-OL 1998 i Nagano, boikotta Håkonsen kvalifiseringi. Håkonsen og mange andre snøbrettkøyrarar var misnøgde med IOC, spesielt fordi ein valde det internasjonale skiforbundet (FIS) til å arrangere kvalifiseringi i staden for snøbrettkøyraranes eige forbund, ISF.

Han var også med i dokumentaren First Decent saman med fire andre leiande snøbrettkøyrarar, Shawn Farmer, Nick Perata, Hannah Teter og Shaun White.

The Arctic Challenge[endre | endre wikiteksten]

Saman med Daniel Franck starta Håkonsen snøbrettkonkurransen The Arctic Challenge.

I 2007 sette han verdsrekord med eit hopp på 9,8 meter i quaterpipe under The Arctic Challange som vart skipa i Midtstubakken i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]